Hareid kommune vann sak mot Tussa

Klagenemnda for offentlige anskaffelser har konkludert med at Hareid kommune ikkje braut regelverket då dei avviste tilbod om elektrikarteneste frå Tussa Installasjon.  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Eigedomsleiar i Hareid kommune, Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, er nøgd med at kommuen fekk medhald i klagesaka mot dei. - Det er gledeleg å få stadfesta det vi har hevda gjennom heile prosessen, seier eigedomsleiar i Hareid kommune, Pergunn Rødseth Gjerdsbakk.

Ho peiker på at det eigedomsavdelinga har eit medvite forhold til regelverket og undersøker heller ein gong for mykje.

- Denne saka viser at det også er viktig å legge vekt på detaljane i ein anbodskonkurranse. Dei kan sjå ubetydelege ut, men her kunne det resultert i at ein aktør hadde vunne konkurransen på feil grunnlag. Det kunne igjen har ført til større utgifter for kommunen, seier ho.

Meinte tilbod var feilprisa

Det var i juli i fjor at Hareid søkte etter leverandørarar av elektrikarteneste til kommunen. Den totale ramma var estimert til 2 millionar kroner og omfatta alt elektrikararbeid over vedlikehaldsbudsjettet.

Dei tre leverandørane med dei lågaste prisane skulle få avtalen. Den billigaste skulle bli spurt fyrst om dei hadde ledig kapasitet. Viss ikkje denne kunne levere, skulle firma nummer to få førespurnaden osb.

I anbodet måtte leverandørane oppgi timepris for ei rekke tenester, mellom anna hjelpearbeidar utan fagbrev og sakshandsamar/ingeniør. Tussa Installasjon var ein av leverandørane som leverte anbod. I deira anbod hadde dei sett timeprisane på mellom anna desse tenestene til 1 krone. Det reagerte Hareid kommune på og tok kontakt med Tussa for å avklare. Svaret frå Tussa var at desse tenestene var inkludert i timepris og påslag på andre tenester.

Etter dette svaret valde Hareid kommune å avvise tilbodet frå Tussa. Grunngjevinga var at tilbodet gir eit feilaktig bilete av tilbodet, samanlikna med andre tilbod. Dette vil føre til tvil om korleis tilbodet skal vurderast samanlikna med dei andre tilboda.

Kommunen fekk medhald

Avvisinga av tilbodet førte til at Tussa klaga Hareid kommune inn for Klagenemnda for offentlige anskaffelser (Kofa). Dei mente at det var uproblematisk å organisere tilbodet slik dei hadde gjort det, med pris for hjelpearbeidarar og ingeniørar innbaka i dei andre prisane.

Hareid stod på sitt og meinte at ein slik prising vil vere eit insentiv til å nytte fagarbeidarar til arbeid der ufaglærte, billigare arbeidarar kunne bli nytta. Dette vil det vere vanskeleg å kontrollere med ein slik prising.

Her gir klagenemnda Hareid kommune rett og konkluderer med at Hareid kommune ikkje har brote regelverket for offentlege anskaffingar.

«Slik konkurransegrunnlaget er utformet, synes det klart at [Hareid kommunes] intensjon har vært å gi leverandørene et insentiv til å benytte hjelpearbeidere uten fagbrev til arbeidsoppgaver hvor det ikke kreves fagbrev, for slik å holde timeforbruket til faglærte elektrikere, og dermed kostnadene, nede. Dette forutsetter imidlertid at leverandørene priser tilbudene på en måte som gjenspeiler de faktiske kostnadene. Klagers tilbud bryter med denne intensjonen i konkurransegrunnlaget.»

Høg kompetanse i administrasjonen

Alle i eigedomsavdelinga som jobbar med offentlege anskaffingar er sertifiserte i offentlege anskaffingar. Det betyr at dei har høg kompetanse på regelverket.

- Det å jobbe med offentlege anskaffingar er både krevjande og spennande då faget er så komplekst. Det stiller store krav til dei som skal jobbe med det. Regelverket gir oss ein del avgrensingar, men også moglegheiter.

Gjerdsbakk synest ikkje det er eit nederlag å bli meldt inn for Kofa.

- Vi ser på det som nyttig og kan føre til betre prosessar for oss, seier ho.

Dei tre firmaa som vant tilbodet om å levere elektrikarteneste til Hareid kommune var HG Elektro AS (nr. 1), Brattvaag Electro AS (nr. 2) og Elcontact AS (nr. 3).