Hareid-ordførar til hastekonferanse om vindkraft

Ordførar i Hareid, Bernt Brandal, skal ha eit føredrag under ei hastekonferanse om vindkraft i Oslo måndag.

Ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Konferansen er arrangert av Motvind Norge – ein organisasjon som arbeider for å stanse vindkraftutbygginga i Noreg.

Om konferansen skriv Motvind: «Situasjonen oppleves som dramatisk over hele landet og folk ber Stortinget komme på banen. Denne hastekonferansen er et første tilbud om dette. Vi ønsker å presentere et utvalg problemsstillinger knyttet til vindkraft både på land og til havs.»

I føredraget sitt vil Brandal mellom anna legge vekt på at vindkraftutbygginga er unnateke krav i Plan- og bygningalova – ei lov ein må følgje om ein vil bygge hus, hytter og naust, men ikkje når vindturbinar skal oppførast.

Formålet med Plan- og bygningslova er mellom anna å sikre at innbyggarar for kome med innspel. No føler dei råka innbyggarane at dei ikkje blir høyrde. Brandal peiker på at resultatet er at kommunene og folket er umyndiggjorde og at lokaldemokratiet står for fall. Ordføraren vil oppmode sentrale politikarar til å ta folket med på råd.

- Folket er kunnskapsrike, kloke og fornuftige. Kan vi ikkje nytte denne sjansen til å gjere demokratiet betre, seier han.