Hareid satsar på gründerar

Hareid kommune, Vekst i Hareid, landbrukskontoret og hoppid.no går inn eit samarbeid for å bidra til at fleire tek steget frå idé til kommersialisering. Vekst i Hareid har teke initiativ til å sette dette samarbeidet på dagsorden for å tydeleggjere det tilbodet som er i kommunen knytt til nyetablering av bedrifter. 

Ordførar Bernt Brandal, kommunalsjef Kai-Rune Bjørke, landbrukssjef Anne Kathrine Løberg, prosjektleiar Julie Sundgot Andersen og Robert Voldnes frå Hoppid.no ønsker å leggje til rette for grunderar i Hareid kommune. Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

 


- Vekst i Hareid skal jobbe med tiltak for å ta vare på eksisterande bedrifter, men det er like viktig med tilrettelegging for ny aktivitet. Delar av næringsaktiviteten vi allereie har i kommunen i dag er eit resultat av såkalla «spinn-off» frå eksisterande aktivitet. Dette er noko av det som har stått sterkt i den maritime klynga i regionen her opp gjennom tidene, seier prosjektleiar i Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen.

Ho fortel at det er stort potensial i aktivitet i havromet. Gründerverksemd knytt til for eksempel havromsteknologi hadde passa svært godt inn i det Vekst i Hareid skal jobbe med. 
Hareid kommune er med i den fylkeskommunale ordninga hoppid.no Denne ordninga er det Møre og Romsdal Fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal samt, Innovasjon Norge som står bak. Frå Hareid kommune si sida handlar dette samarbeidsprosjektet mykje om å kommunisere tilbodet som er tilgjengeleg for gründerar på ein betre måte. Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Kai-Rune Bjørke og ordførar, Bernt Brandal er einige om at dette er viktig at Hareid tek tak i for å vise at ein ønskjer å satse på næringsutvikling.

Hoppid.no-ordninga fungerer som ei teneste for alle i Møre og Romsdal som har oppstartsplanar, og består av både rådgjeving men også tildeling av stønad for avklaring. Hoppid.no skal vere éi dør inn mot verkemiddelapparatet og som ein døropnar for gode idéar. Robert Voldnes er Hareid kommune sin kontaktperson i denne ordninga. Han har teieplikt, er gratis å bruke som rådgjevar og ønskjer kontakt med fleire potensielle gründerar. Terskelen for å ta kontakt er svært låg og han tek gjerne ein heilt uformell prat.