
Holstad Maskin har starta arbeidet med å gjere ferdg krysset i Drammensvegen inn til droppsona og vidare langs Brekkemarka. Dei skal setje ned kantstein, gruse og asfaltere heilt frå krysset i Drammensvegen og bort til husa på Remastubben. Siktsona i krysset vert også utbetra. Planen er å få dette arbeidet ferdig før juleferien.
For å sikre trygg og effektiv gjennomføring må vi stenge den nye droppsona og den nye parkeringsplassen i perioden.
I denne tida opnar vi opp igjen den gamle droppsona og parkeringsplassen ved skulen, der det har vore sykkelparkering. Vi oppmodar alle som kan om å la bilen stå heime for å redusere trafikken.
Viktig om bruk av droppsona og parkering
Droppsona er berre for korte stopp til på- og avstiging. Det er ikkje lov å vente på barn i droppsona. Dersom du må vente, skal du bruke parkeringa i Finnsgardmarka.
Den gamle parkeringsplassen vil berre vere for tilsette ved skulen.
Trafikkreglar i anleggsperioden
For å betre trafikksituasjonen innfører vi einvegskøyring ned Drammensvegen i perioden. Tilkomst til skulen blir slik:
- Køyr opp Teigevegen, vidare bort Brekkane, og ned Drammensvegen.
- Etter levering køyrer du vidare ned Drammensvegen. Området vil bli skilta.
Tilkomst til bustadane på Brekkemarka vert oppretthaldt via Brekkemarka. Holstad Maskin slepp gjennom innbyggarar som må til husa, men noko ventetid må påreknast.
Tidsrom for endringane
- Frå torsdag 4. desember til fredag 19. desember.
- Dersom arbeidet vert ferdig før 19. desember, opnar vi så snart det er mogleg.
Vi veit dette ikkje er optimalt, men håper på tolmod slik at vi får på plass asfalt før vinteren.