Renate Seljeseth Bøe
Ho fortel det var ei gøy oppleving der ho vart kjend med mange nye menneske. Alle deltakarane var engasjerte og opne, og det var fritt fram for å ta opp hjartesaker. Tema som kvinnehelse, digitale og fysiske lærebøker vart diskutert, og det var interessant å høyre andre sine perspektiv.
Kva gjorde at du ville inn i ungdomspanelet?
Eg likar godt å engasjere meg lokalt som nestleiar i ungdomsrådet på Hareid, og ville utvide horisonten litt med å engasjere meg på fylkesnivå. Eg ønskjer å skape ny erfaring og gode minner.
Korleis vart du valt inn?
Eg sende inn søknad og vart kalla inn til intervju. Det var ei god erfaring. Valkomiteen måtte kome med forslag, og Ungdomens fylkesting måtte vedta kven som skulle få være med.
Kor mange er med i ungdomspanelet?
Det er ni faste medlemmar og fem vara.
Kva ungdomspanelet jobbar for?
Dei ønskjer å etablere eit nasjonalt ungdomsråd og dei deler ut 250 000 kroner to gangar i året til tiltak for ungdom i fylket. Ungdomsmidlane kan alle i fylket søke på.
Kva trur du rolla di blir i ungdomspanelet?
Eg vil bringe inn eit nytt perspektiv frå Hareid, som ikkje alle kjenner til, til dømes kollektivtransport. Eg vert Hareid sitt talerøyr inn mot ungdomspanelet.
Kor mange møter har ungdomspanelet?
I fjor hadde dei sju møter, to digitale og fem fysiske.
Når er fyrste møtet i år?
Fyrste møtet i år vert i Molde frå 2. til 4. mai. Alt vert dekt av reise og opphald, i tillegg til lønn. Vi skal også få genser.
Kva vert forventa av ungdomspanelet?
Vi må halde oss saklege og jobbe etter prinsippet «unge stemmer».
Har du ei hjartesak?
Barn og ungdom skal få tilbod om fritidstilbod og ein plass å vere.