Hareidsdølingar flest er optimistiske og nøgde med livet

Det viser resultat frå folkehelseundersøkinga Møre og Romsdal.

 

I perioden 1.–14. februar blei det for første gong gjennomført ei stor folkehelseundersøking i heile Møre og Romsdal. Undersøkinga blei gjennomført i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI), og heile 25 000 personar i alderen 18 år og over, svarte på undersøkinga. Spørsmåla handla om helse, trivsel og andre forhold som har innverknad på folkehelsa.

Resultata av undersøkinga er no klar, og gjort tilgjengeleg i ein rapport utarbeida av Folkehelseinstituttet (FHI). I tillegg er hovudfunna summert opp i eit skjema der kommunane kan samanlikne seg med kvarandre.

 

Nokre positive trekk ved resultata i Hareid kommune:

  • I gjennomsnitt er personar busett i Hareid kommune fornøgd med livet, og opplev at det ein gjer i livet som meiningsfullt (Gjennomsnitt 7,6 på ein skala frå 0-10).
  • Stadtilhøyrsla er i sum høg (7,7 på ein skala frå 0-10).
  • Framtidsoptimismen er blant dei høgaste i fylket (7,9 på ein skala frå 0-10).
  • Nokre mindre positive trekk knytt til levevanar og fysisk helsetilstand.
  • Hareid kommune kjem dårleg ut på opplevd tilgjenge av offentleg transport, kulturtilbod, butikkar og servicetilbod.

 

Hovudfunn frå rapporten:

  • 72 prosent opplever si eiga helse som god eller svært god 
  • 74 prosent trivast i stor grad i nærmiljøet
  • 82 prosent av dei som svarte på undersøkinga er fornøgd med livet 
  • 87 prosent opplever å ha middels eller høg sosial støtte

Røyk og snus

  • Framleis nedgang i talet daglegrøykarar.
  • Samla sett snusar rundt 25% av dei unge i dag.

 

Kosthald

  • 4 av 10 et grønsaker dagleg.
  • Kvinner kjem betre ut enn menn på alle kosthaldsindikatorane
  • Utanom inntak av fisk, der er det ikkje kjønnsforskjell.
  • Di høgare alder, dess betre rapportert kosthald.
  • Di høgare utdanning, dess betre rapportert kosthald.

Desse hovudlinjene gjeld for dei fleste helsevanar, med nokre unntak:

 

Fysisk aktivitet

1 av 4 følger anbefaling om fysisk aktivitet*

Unnataket er dei yngste (18-29 år), deretter faller tala klart

* Minst halvtime moderat fysisk aktivitet minst fire dagar i veka.

 

Stillesitting

Dei med lengst utdanning sit mest stille. Det er motsett av kva vi vanlegvis ser når det gjeld helsespørsmål.

 

… men hovudbildet om helsereleterte levevanar etter utdanning i Møre og Romsdal

  • Fortsett slik at dess høgare utdanning, dess færre som røykar, færre med episodisk høgt alkoholforbruk (drikk mykje ved inntak av alkohol).
  • Fleire med høg utdanning oppfyll anbefaling for fysisk aktivt og har eit sunt kosthald.

 

Samla kan det vere med å forklare ein del av dei store helseforskjellane ein ser.

Av alle tapte leveår utan helsetap (Noreg) som kan førebyggast, skuldast 39 prosent åtferd, 22 prosent skuldast en kombinasjon av åtferd og metabolske faktorar (som overvekt og høgt blodtrykk) og 4 prosent ein kombinasjon av åtferd og miljømessige faktorar.1 Endring av helserelaterte åtferdsmønster er derfor ei heilt sentral oppgåve innan folkehelsearbeidet. Kosthald og fysisk aktivitet heng nært samen med fedme. Det er derfor naturleg å sjå desse i samanheng.

 

Ulønt omsorgsarbeid

For første gong er det kartlagt kor stor del av befolkninga som regelmessig gir ulønt praktisk hjelp eller tilsyn til sjuke, funksjonshemma eller eldre.

Vi veit at vi har ei aldrande befolkning, med aukande forsørgjarbyrde. Regelmessig, uløna omsorgsarbeid er høgast i aldersgruppa 50-59 år, med tydeleg forskjell mellom kjønna. (1 av 3 kvinner, 1 av 4 menn).

Mange brukar ein god del timar på slikt arbeid også i vår kommune, i gjennomsnitt 23,9% av dei som har svara på undersøkinga.

I rapporten har ein kryssa resultata opp mot livskvalitet, der ein ser at litt omsorgsarbeid gir litt høgare samla livskvalitet, medan mykje omsorgsarbeid gir litt lågare samla livskvalitet (fylkesnivå). Dette er tidlege analyser –  det er ikkje mogleg å gje ein heilt tydeleg årsakssamanheng. Det kan også vere at dei som har god livskvalitet er dei som har moglegheit til å bidra med slikt arbeid.

 

Tilgjengelige fasilitetar og tenester

Dei største forskjellane over regionane er å finne på tilgjenge til servicetilbod og fasilitetar. Søre Sunnmøre kjem dårlegast ut på opplevd tilgjenge til offentleg transport. Søre Sunnmøre har dei lågaste prosentane som svarte at dei har Svært godt eller godt tilgjenge til Kulturtilbod (63,9 %), Butikkar, serveringsstader og andre servicetilbod (71,8 %). Men Søre Sunnmøre kjem godt ut når det gjeld tilgjenge til Natur- og friluftsområde (94,7 %) og Kystlinje/strand eller sjø (90,6 %).

 

Kva kan resultata brukast til?

Undersøkinga gir oss ein peikepinn på korleis det står til på ulike områder i kommunen, og kva område ein bør rette ein innsats. Samtidig er det viktig å kombinere resultata og sjå dei i samanheng med anna kunnskap vi har i kommunen. Framover vil resultata bli delt med politikarar og tilsette i kommunen slik at kunnskapen kan nyttast i folkehelsearbeidet. Det er også eit mål å stimulere til vidare bruk av data i regionale forskingsmiljø.

Her kan du lese heile rapporten. (XLSB, 169 kB)

1) Holseter, C., et al., Selvrapportert helse og dødelighet i ulike yrkesklasser og inntektsgrupper i Nord-Trøndelag. Tidsskrift for Den norske legeforening, 2015. 135: p. 434-8