Haustferie: Gratis fritidsaktivitetar og Ung kultur møtest
Vi går inn i ein annleis haustferie en vi er vande til, sidan Hareid kommune skal arrangere fylkesfestivalen til UKM (Ung kultur møtest). Vi håpar at mange kjem for å støtte opp og sjå all den flotte ungdomen så kjem på besøk til Hareid i helga! Vi gler oss både til dette og dei gratis haustferieaktivitetane seinare i veka.
Det blir gaming i haustferien på ungdomsklubben
Erlend Friestad
Laurdag 4. oktober:
Framsyning/opningsshow i Hareidhallen
Klokka 18-19:30
Søndag 5. oktober:
Framsyning 2, i Hareidhallen
Klokka 13-14:30
Kunstutstilling i aulaen på ungdomsskulen
Klokka 18-19
Framsyning 3, i Hareidhallen
Klokka 19-20:30
Måndag 6. oktober
Framsyning 4, i Hareidhallen
Klokka 12-13
Alle framsyningane og kunstutstillinga er ope for alle og gratis inngang.
Tysdag 7. oktober
Gaming med Metizport og open ungdomsklubb med gratis lunsj.
4.-5.klasse, klokka 11-13
6.-7. klasse, klokka 13-15
8. Klasse, -> klokka 15-17
Onsdag 8. oktober
Open dag på Hodr vikingsete med grilling, aktivitet og historieforteljing.
Frå 6. klasse - 10. klasse
Klokka 11-14
Publisert 01.10.2025 11:46
Sist endra 01.10.2025 11:46