Helsehuset er tatt i bruk!

Det er spennande dagar framover no som Helsehuset på Hareid har fått sin fyrste leigetakar på plass. NAV er allereie godt i gong med innflyttinga i lyse, trivelege og flotte lokale.

Dei neste månadane skal heile Helsehuset bli tatt i bruk. Erlend Friestad

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.


Nav har også starta å ta imot publikum i dei nye lokala. Inngangen er i Kjøpmannsgata.

- Eg må få skryte av ein fantastisk innsats frå alle involverte partar, sjølv om ikkje prosjektet er ferdig enno. Vi gler oss stort til ei opning av heile Helsehuset, seier eigedomsleiar i Hareid kommune, Pergunn Rødseth Gjerdsbakk.

Neste aktør ut er fylkestannlegen. Dei tek over lokala 1. februar og skal bruke litt tid på flytting og innreiing.

Deretter startar helsestasjonen og legesenteret på si innflytting i mars. Dei skal også inn i topp moderne og flotte rom som innbyr til trivsel og arbeidslyst.

Sist men ikkje minst er det duka for opning av eit splitter nytt bibliotek for Hareid sine innbyggarar i midten av april.

- Dette er kanskje det vi gler oss mest til sidan det er eit svært opent lokale med det vi håpar blir opplevd som ei lun atmosfære, fortel Gjerdsbakk.

For å få gjennomført flytteprosessen på ein god måte, vil «gamlebiblioteket» stenge frå 1. februar. Det vil kome meir informasjon om flytteprosessen om ikkje lenge.