Helsestasjonen i nye lokale

På grunn av koronasituasjonen har helsestasjonen fått nye lokale. Her skal dei vere fram til det nye helsehuset er klart.Helsestasjonen har inngang i fyrsteetasjen i austfløyen til sjukeheimen. (Eiga inngang). 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid helsestasjon har no flytta inn i nye lokaler i Teigevegen 55 (sjukeheimen, sjå kart). Det er eiga inngang på austsida av sjukeheimen.

Helsestasjonen kan kontaktast på telefon  700 37 750 kvardagar mellom klokka 9-15. Helsestasjon for ungdom har ope kvar måndag 13.30-16.30.

Sjå også helsestasjonsportalen vår.

  • Alle får no tilbod om time etter gjeldande retningslinjer.
  • Det vert ikkje tilbod om grupper og kurs, då vi ikkje har eigna lokaler til dette før vi kjem inn i helsehuset.
  • Kun ein forelder kan følgje barnet. Søsken kan ikkje vere med til helsestasjonen.
  • Det er ikkje anledning til drop-in, berre etter avtale
  • Alle må vere friske når dei kjem til helsestasjonen

Følg Hareid helsestasjon på Facebook.