Helsestasjonen opnar i Helsehuset på måndag!

Frå måndag av vil du møte denne flotte gjengen i det flotte nye helsehuset.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid helsestasjon er no på flyttefot inni det nye helsehuset. Helsestasjonen er derfor stengt veke 8. Frå måndag 1. mars skal vi vere klar til opning. Vi flyttar inn i eit flott, stort og moderne lokale. Helsestasjon for barn, helsestasjon for ungdom,  jordmor og fysioterapeut skal ha fast base her.

I tillegg vil barnevern, tenesta for psykisk helse og rus kunne vere her ved behov. Her er også kontorplass til psykolog når ein får tilsett dette. Det at fleire fagpersonar kan vere samla, er ein stor fordel for oss. Vi gler oss veldig til å kunne ta imot brukarane våre komande veke!