Her den nye rektoren på Hjørungavåg

Unni Dragsund (57) tek til i jobben i starten av mars.

portrettfoto av Unni Dragsund - Klikk for stort bilete Privat

Unni er lidenskapleg oppteken av skule og skuleutvikling. Ho kjem frå jobben som kontaktlærar ved Ulstein ungdomsskule. Her har ho tidlegare ei periode jobba som avdelingsleiar. Då var ho også med i leiargruppa ved ungdomsskulen. Ho har også våre sosialpedagogisk-ansvarleg for heile skulen, med eit overordna ansvar for elevane sitt skulemiljø.

- Eg ser fram mot snart å ta til i stillinga som rektor ved Hjørungavåg skule. Eg gleder meg til nye oppgåver, og til å bli ein del av laget rundt elevane der, seier ho.

Utanom jobben likar ho godt å lese, gå på kino eller å reise - gjerne til stadar med litt sol og varme.