Her får du det samla 17. mai-programmet for heile Hareid kommune

Søndag 17. mai 2026 blir nasjonaldagen feira med tog, leikar, festar og musikk i heile kommunen. Her finn du ei samla oversikt over programma i dei ulike krinsane, slik at du enkelt kan slå opp og sjå kva som skjer – og kvar.

næbilete av norsk flagg, i bakgrunnen Masdalsklova (ute av fokus) - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Arrangementa blir organiserte av lokale 17. mai-komitear, og eventuelle spørsmål om programmet må rettast til desse.

 

Hareid sentrum

  • Kl. 07.00: Revelje – Melshorn og Hareid skulekorps spelar i gatene
  • Kl. 10.30: Kransing av minnesteinane ved Hareid kyrkje 
    • Flaggborg ved speidarane
    • Appell ved Leiv Arne Grimstad
  • Kl. 11.00: Festgudsteneste i Hareid kyrkje
  • Kl. 12.15: Barnetog/borgartog frå barneskulen 
    • Oppstilling kl. 12.00
    • Flaggborg og speidarar fremst i toget
    • Melshorn og Hareid skulekorps spelar
  • Kl. 13.00: Samling og leikar på Hareid stadion 
    • Helsing frå ordføraren
    • Fantetog og straffesparkkonkurranse
    • Tombola ved Hareid skulekorps
  • Kl. 15.00: Familiefest i Hareidhallen 
    • Programleiarar: Leander, Liam, Mila og Ive (6. trinn, Hareid skule)
    • Festtale ved Daniel Reite
    • Musikalske innslag frå Hareid musikk- og kulturskule
  • Kl. 17.00: Festsamling på Hadartun 
    • Programleiarar: Maria og Johanne (6. trinn, Hareid skule)
    • Song ved Grimstadkoret
    • Festtale ved Kari Brandal
  • Kl. 18.30: 17. mai‑konsert med Tatia Chikovani i Hareid kyrkjelydshus

 

Bigset krins

  • Kl. 08.00: Flaggheising
  • Kl. 11.00: Oppstilling til barnetog 
    • Deltaking frå Bigset barnehage, elevar ved Bigset skule og bygdefolk
    • Bigset skulekorps spelar
  • Kl. 11.15: Avmarsj barnetog
  • Kl. 12.00: Matsal, kiosk og loddsal
  • Kl. 12.30: Leikar
  • Kl. 13.30: Fantetog
  • Kl. 14.00: Familiefest i bygdatunet 
    • Song ved Olai Ringstad‑Moldskred, Arild Grimstad og David Brennan
    • Festtale ved Randi Kvammen
    • Innslag frå elevane ved Bigset skule
    • Song ved Hareid Kammerkor
    • Dalsmunnen ved Willy Nesset

Rasofielgarden Vonheim held ope hus frå kl. 11.00.

 

Hjørungavåg krins

  • Kl. 08.00: Salutt og flaggheising
  • Kl. 11.00: 17. mai‑tog 
    • Toget går frå skulen via Engane og tilbake til skulen
  • Kl. 12.00: Barnetimen 
    • Underhaldning frå klassene ved Hjørungavåg barneskule
    • Korpset spelar
  • Kl. 13.00: Kakesal og matsal på skulen
  • Kl. 14.00: Leikar ved skulen
  • Kl. 14.30: Fantetog
  • Kl. 15.00: Ope hus på Hodr–Hjørungavåg vikingsete

 

Brandal krins

  • Kl. 08.00: Salutt og flaggheising
  • Kl. 08.00: Vekking med Lux og Lano
  • Kl. 10.15: Oppstilling til tog ved Brandal Friskule
  • Kl. 10.30: Togavmarsj 
    • Rute: Skulevegen – Risegarden – sentrum – Saudebøen
  • Kl. 11.30: Appell på skuleplassen ved Nora Grimstad
  • Kl. 11.30–16.30: Kiosksal ved Brandal Friskule
  • Kl. 12.00–13.00: Barnetimen med elevar frå Brandal Friskule
  • Kl. 13.00: 
    • Kakesal og sal av lapskaus ved Brandal Friskule
    • Loddsal
    • Leikar på skuleplassen
    • Skytebane inne i skulen
  • Kl. 13.00–17.00: Middag på Ishavsmuseet
  • Kl. 15.00: Fantetog
  • Kl. 17.00: Folkefest på Brandal Friskule 
    • Musikalsk innslag ved Angel Wings on Fire
    • Song ved Vinter og Eira
    • Festtale ved Brynjulf Stige
    • Diktlesing ved Torill Ulstein
    • Musikkinnslag ved Anita Winsjansen og Brynjulf Stige
    • Allsong, premieutdeling og utlodding

Vil du vakne opp til denne utsikta?