Hjelp! Kan de stikke ut ein tur for oss?

Etter vedtaket i desember om å bli med på StikkUT, har Hareid kommune kort tidsfrist til å registrere turar. Vi treng derfor di hjelp.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid kommune vedtok i desember å inngå medlemskap i Sunnmøre friluftsråd. Innmeldinga betyr mellom anna at vi blir med i den populære StikkUT-ordninga frå sommarsesongen. Turane må vere registrerte i morotur.no for å vere aktuelle som StikkUT-mål.

Vi har korte fristar for å få alt i hamn. Dersom nokon kan tenke seg å vere med å registrere turar ber vi derfor dei om å ta konktakt innan 1. februar. Torsdag 3. februar arrangerer Friluftsrådet et Teams-kurs for frivillige som ynskjer å lage turbeskrivingar. Det er viktig å ta kontakt med oss i kommunen før registrering av nye turar for at rutene skal få rett startpunkt.

Dersom dette høyres aktuelt ut for deg, ta kontakt på postmottak@hareid.kommune.no