Hjørungavåg skule inviterer til julemesse og 70-årsjubileum!

Hjørungavåg skule har gleda av å invitere alle til årets julemesse, som også markerer skulen sitt 70-årsjubileum. Dette er tredje året med julemesse i regi av Foreldrerådet (FAU), og arrangementet har blitt ei viktig inntektskjelde for skulen. 

Fire oppstilte personar - Klikk for stort bileteEldsjeler frå gamle og nye FAU-styret - viktig pådrivarar i dugnadsarbeidet.Elevane er glade for dei fem nye symaskinene som er komne på plass på tekstilromet.Dugnad inne og ute gir også til eit trivelegare læringsmiljø, og er også noko FAU bidreg med. Her er det Stine Nesset Hovlid som svingar malarkosten.Tidlegare FAU-leiar Victoria Rinde har vore primus motor i mykje av arbeidet. Ho har også bidrege til koseleg utsmykking av skulen.

Arrangementet er eit tett samarbeid mellom FAU og skulen. Elevane bidreg med heimelaga produkt for sal, samt programinnslag og julesong. Foreldra arrangerer kafé, tombola og elevane har i forkant også gått med loddbøker.

FAU har brukt midlar frå tidlegare messer til mellom anna til å oppgradere sløydsalen, kjøpe nytt inventar til klasseroma, og installere ny solskjerming. Det har også blitt kjøpt inn sofagrupper til fellesområde og bibliotek, påfyll av bøker til bibliotek og bygd ei ny flott ute-tribune - i tillegg til mykje anna. 

Desse forbetringane er viktige for å skape eit betre læringsmiljø for elevane, og skulen set stor pris på det positive engasjementet frå foreldre og lokalsamfunn. Spesielt i tider med knappe ressursar som no, så er skulen svært glad for ei aktiv og engasjert foreldregruppe. Godt samarbeid lyftar og gir positivitet.

Årets julemesse vil også markere at det er 70 år sidan dei fyrste 1.-klassingane tok til ved skulen. Ordføraren vil stå for opninga, og programmet er også utvida i anledninga. Vi oppfordrar alle til å kome og kjenne på julestemninga saman med oss denne dagen - ei kjekk stund ilag.

Hjarteleg velkomne onsdag 10. desember klokka 17!