Hovlidvegen kan bli stengt frå måndag

Avløpsleidningane mellom Hovlidvegen og Solsteinen er gamle. Det er derfor behov for å byte ut desse og erstatte med nye leidningar og nye kummar.

Kartet viser kvar vegen kan bli stengd (raud) og omkøyringsveg (grøn). Google maps

Arbeidet vil starte opp måndag 15. april og vil truleg ta om lag éi veke. Kummane i krysset Hovlidvegen mellom nr 26 – 38 vert tekne først før ferdigstilling av stikkvegen oppover. Sjå raud strek i kart under. 

Hovlidvegen vert difor tidvis heil stengt nedanfor hus nr 26. Innbyggarar i hus nr 26 – 38 har fått melding om å parkere i Hovlidvegen. Innbyggarane i Hovlidvegen som vert råka er informerte via tekstmelding.

Omkøyring via Solsteinen. Vi ber dykk om å berekne god tid og ta det roleg i trafikken. På førehand takk for hjelpa.