Høyring: forskrift om anløpsavgift for Hareid hamneregion

Hareid kommunestyre vedtok 19. september å sende forskrift om anløpsavgift for Hareid hamneregion på høyring.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Forskrifta er i stor grad ei vidareføring av tidlegare forskrifter med enkelte presiseringar. Hareid kommune har nytta Ålesund havnevesen, som Hareid hamnevesen samarbeider med,  sin modell.

Høyringsfristen er satt til 4. november. I dette tilfellet meinar vi at det er mogleg å sjå vekk frå normalen med tre månaders høyringsfrist då forskrifta stort sett er lik som tidlegare forskrifter.

Send merknadar og innspel til postmottak@hareid.kommune.no.