Høyring: Korleis skal alkoholpolitikken til kommunen vere dei neste fire åra?

No skal kommunen legge føringar for kven som kan få løyve og i kva tidsrom dei kan selje og skjenke alkohol.

Pexels.com

I kvar nye kommunestyreperiode skal kommunen vedta ein ny alkoholpolitisk handlingsplan. Denne skal liggje til grunn når kommunen skal handsame søknadar om løyve til sal og skjenking av alkohol. 

Gjeldande alkoholpolitiske handlingsplan er i stor grad føreslått vidareført, med nokre endringar.  For eksempel er det føreslått å la skjenkestadane skjenke alkohol gruppe 3 (alkohol med mellom 22 og 60 volumprosent alkohol) like lenge som alkohol i gruppe 1 og 2 – til klokka 02.00. I dag kan skjenkestadane selje alkohol gruppe 3 til klokka 24.00.

Det er også føreslått at skjenkestadane skal stadfesta at dei oppfyller krava i «Forskrift om delvis allmenngjøring av tariffavtale for overnattings-, serverings- og cateringvirksomheter» og at skjenkestaden kan dokumentere dette ved kontroll.

For sal av alkohol er det foreslått at nettbutikkar med verksemdsadresse utanfor Hareid kommune ikkje kan få løyve. I inneverande periode har ein nettbutikk søkt 2 gongar om løyve til å selje alkohol og fått nei begge gongar. Grunngjevinga for avslaga har vore manglande moglegheit for kommunen å foreta kontroll både med sal, utlevering og verksemda.

Eit nytt punkt i planen er salsløyve ved einskildhøve. Dette opnar for at lokale bryggeri kan søkje om å få salsløyve for å selje produkta sine for eksempel på ei messe eller tilsvarande høve.

Slik kjem du med innspel:

Høyringsfristen er 12. april 2024. 

Merk svaret ditt «Alkoholpolitisk handlingsplan» og saksnr. "23/1157" og send til postmottak@hareid.kommune.no  eller til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. 

Ny alkoholpolitisk handlingsplan versjon 0101 (PDF, 308 kB)

Saksframlegg om alkoholpolitisk handlingsplan 2024-2028 på høyring (PDF, 4 MB)

Sjå også den eksisterande handlingsplanen for samanlikning:

Alkoholpolitisk handlingsplan versjon 202002 (PDF, 668 kB)

Lovverket

Kommunen skal utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan, jf. alkohollova § 1-7d. Planen skal fastsette kommunen sin løyvepolitikk, som skal gjennomføre alkohollova sitt føremål om å redusere dei individuelle og samfunnsmessige skadane som alkoholbruk kan medføre.  Planen skal reviderast i kvar kommunestyreperiode. 

Utkastet blir sendt til følgande høyringsinstansar, men alle er frie til å kome med innspel: 

  • Sals- og skjenkestadane i kommunen 
  • Møre og Romsdal politidistrikt ved Ulstein og Hareid politistasjon 
  • NAV Hareid - Ulstein - Sande 
  • Hareid Næringsforum 
  • Hareid kommune ved kommuneoverlege, folkehelsekoordinator, eining for næring,  sektor for samfunnsutvikling, ungdomsrådet, eldrerådet og råd for menneske med 
    nedsett funksjonsevne