Høyring: Kva namn skal vi nytte på Gomyra og Rema/Rima?

Kartverket reiser namnesak for stadnamna Go(d)myra og Rema/Rima. Saka leggast ut på lokal høyring i kommunen.

Saka leggast no ut på høyring etter stadnamnlova paragraf 8.

Har du innspel, må du sende dei inn skriftleg til postmottak@hareid.kommune.no eller per post til:
Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Merk med «23/1080 Vegnamn i reguleringsplanane Brekkane og Hareidsmyrane nord 2»

Høyringsfristen er 16. juni 2024.

Hareid kommune har bede Statens kartverk om å reise namnesak på nokre stadnamn i Hareid kommune.

Kommunen bad Språkrådet om tilråding for ein del adressenamn i brev den 7.2.2024, der namnevala er grunngjevne. Dei fleste forslaga vart tilrådde av Språkrådet den 26.2.2024, men dei hadde merknader knytt til dei to namna det blir reist namnesak på her. Skrivemåten for primærnamnet må derfor fastsettast i namnesak.

Kartverket sender med dette saka på lokal høyring i kommunen.

Saka gjeld to primærnamn og eit avleidd namn:

Dronebilete av området med aktuelle stadnamn merka - Klikk for stort bileteBilete viser Brekkane med ommegn og stadane som er aktuelle i namnesake er merka av. Erlend Friestad
  • Gomyra – Godmyra (bruk gnr./bnr. 41/4 og 41/884)
  • Rema - Rima (jorde)
  • Rimabrua - Remabrua (bru/undergang Fylkeskommunen er vedtaksmynde.) 

For namnet Rema/Rima er det viktig å få opplysningar om lokal uttale, som skal vere grunnlag for skrivemåten. Vidare bør det avklarast om rett samansettingsform er med -a eller med -e. Språkrådet jamfører med Rimelia/Remelia på Liaset som er samansett med -e.

Lokal høyring

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av mellom anna naturnamn og nedervde gards- og bruksnamn. Før Kartverket gjer vedtak, har kommunen rett til å uttale seg. Eigarar har rett til å uttale seg om bruksnamn, og lokale
organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Derfor
ber vi om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet blir uttalt på ulike måtar, ber vi om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.

Hareid kommune skal no samle inn høyringssvar og sende desse til Språkrådet. Språkrådet vil så gi ei endeleg tilråding til Kartverket.

Oppstartsbrev frå Kartverket (PDF, 184 kB)

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.