Scan QR-koden for å gå rett til vippsnummeret til fellesfyrverkeriet.Fellesfyrverkeriet er eit resultat av eit spleiselag mellom innbyggarar og næringsliv, koordinert av kommunen.
Det kostar minst 75.000 kroner for eit fyrverkeri som er verdig eit nytt år. For å få til dette, treng vi di hjelp.
Du kan gi ditt bidrag via Vipps til 582357. Alle monnar drar, og kvar krone tel.
Fellesfyrverkeriet blir skote opp klokka 22 (eller når gudstenesta er ferdig) frå ytre molo. Kom og bli med på å feire det gamle året og ønske det nye velkomen med ikkje berre eitt smell, men mange!
Dersom du ønsker å bidra som verksmed, kan du betale inn til kontonummer 4213 38 51377 (meld frå til erlend.friestad@hareid.kommune.no om de har behov for faktura).
Alle verksemder som sponsar vil bli synt fram på Hareid kommune sine nettsider og på Facebook-sida vår.
Desse verksemdene har meldt seg som sponsorar:
💥 Dimo: 3000 kroner
💥 Posten restaurant: 4000 kroner
💥 Libra: 5000 kroner
💥 Blink Hus Søre Sunnmøre: 2000 kroner
💥 Topfix frisør: 1000 kroner
💥 Hav og Helse - legekontoret for sjøfolk på Sunnmøre: 5000 kroner
💥 Ward 1 AS: 3000 kroner
💥 Herifrå: 1000 kroner
💥 Hareid Elektriske AS: 5000 kroner