Hugs å søke om jonsokbål!

Frist for å søke er 20. juni. Klikk for stort bilete Vlad Bagacian/pexels.com  

Jonsokaftan 23. juni, etter klokka 12, kan du tenne bål på stadar med liten fare for brannspreiing dersom det ikkje plagar eller uroar naboane.

Du må ha løyve frå grunneigar, og jonsokbål skal meldast inn til Hareid og Ulstein brannvesen. Frist for innmelding av jonsokbål er 20. juni.

Det er ikkje nødvendig å melde inn open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål.

Les meir om bålreglar og søk om jonsokbål her. (Ulstein kommune)