Hugs bålforbodet!

Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod. Det betyr at det ikkje er lov å tenne opp bål eller grill i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Jonsokbål på Holesanden - Klikk for stort bileteSkal du tenne opp bål etter 15. april, til dømes jonsokbål, som her på Holesanden, må du søke om løyve. Erlend Friestad

Stranda vil oftast reknast som utmark og vil då vere omfatta av det generelle bålforbodet.

Brannvesenet kan likevel gje løyve til å tenne bål, dersom du søkjer om dette. Sjekk alltid kva reglar som gjeld for kommunen din før du tenner bål.

Sjølv om det er generelt bålforbod, har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det opplagt ikkje kan føre til brann.

I Noreg må alle vise aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt uavhengig av bålforbodet.