I år blir det julelys i heile Kjøpmannsgata!

Dei skal opp i tidsrommet mellom 15.-19. november og då blir det redusert framkomelegheit.

Erlend Friestad  

For fyrste gong vil Hareid kommune henge opp julelys i heile Kjøpmannsgata – heilt frå Helsehuset til rundkøyringa. Vi gler oss til vi kan tenne dei.

Uteseksjonen skal henge opp lysa i perioden 15. – 19. november. Desse dagane vil det vere redusert framkomelegheit i tidsrommet  08-15.

Vi oppmodar derfor dei som ikkje må køyre Kjøpmannsgata vel andre vegar. Dei som har naudsynte ærend/bebuarar/besøkande skal sjølvsagt få køyre.

Lysa blir tent under julegrantenninga fredag 26. november klokka 18 - meir informasjon om dette arrangementet tidlegare.