Ikkje aktuelt å stenge veg
Den frosne vassleidninga er no tint. Det blir derfor ikkje naudsynt å stenge Indredalen.
OPPDATERT: Fredag 19. februar kl 10:20: Den frosne vassleidninga er no tina. Det blei derfor ikkje aktuelt å stenge vegen.
***
Grunna ei vassleidning som har frose, skal kommunen køyre ut ein hengar med ei tinematte i Indredalen i Brandal. Dette fører til av vegen vert stengt mellom Indredalen 4 og Indredalen 29 (sjå kartskisse) frå fredag morgon. Det blir omkøyring via Murabrauta og Pe-vegen.
Vegen blir stengt i helga, og det vil blir teke ei ny vurdering på måndag.
Publisert18.02.2021 11.27
Sist endra19.02.2021 10.22