Ikkje trykk på lenka! Stort hackarangrep mot Noreg

Russiske hackarar har starta eit storstilt hackarangrep mot norske institusjonar. Ver ekstra kritisk til kva lenker du trykker deg inn på.

Kvinnehender skrollar på ein mobiltelefon. - Klikk for stort bilete Pexels.com/Tim Samuel  

Hackarar har angripe nettstader som Arbeidstilsynet og BankID. Slik det ser ut no har dei ikkje kome seg inn på sidene til desse institusjonane, men sender enorme mengder trafikk mot nettstadane slik at dei blir overbelasta og knelar.

Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap har i dag åtvara mot å trykke på lenker i tekstmeldingar som tilsynelatande kjem frå dei. Det er ikkje klart om desse falske tekstmeldingane er knytt til angrepet.

Men hackarar kan kamuflere både e-postar, telefonoppringingar og tekstmeldingar slik at det ser ut til at dei kjem frå norske mynde eller andre institusjonar du stolar på.

Hovudreglane er:

  • Ikkje trykk på lenker du får på tekstmelding
  • Får du e-post med beskjed om å registrer/oppdatere brukarinformasjon eller liknande, ver kritisk.
  • Har du eit forhold til denne bedriften/institusjonen?
  • Har dei grunn til å be om denne informasjonen på nytt?
  • Kvifor hastar det sånn? Dersom DU MÅ REAGERE NO elles mister du tilgang, er det ofte eit teikn på at nokon prøver å lure deg. Kontakt eventuelt dei som tilsynelatande står som avsendear via telefon om noko skulle haste, eller sjekk nettsida deira om dei har lagt ut informasjon.
  • Dersom du er berre litt i tvil om e-posten eller tekstmeldinga er legitim og ekte, ikkje trykk på lenkene.

Råda over gjeld uavhengig av hackarangrepet. På Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine nettsider kan du lese fleire gode råd om korleis du skal opptre på nett og kva du eventuelt må gjere om du er blitt lurt.

Angrepa skal vere eit svar på Noreg si rolle i Ukraina-krigen.