Informasjon om kongebesøket til føresette til skuleelvar

I høve kongebesøket 1.september vil fleire av borna i Hareid spele ei aktiv rolle, anten på scena eller som representant for eit lag eller ein organisasjon.

Norsk flagg med sunnmørsalpane i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Dersom dette gjeld ditt barn må du melde frå til skulen om at barnet ditt skal ha fri denne dagen. Det same gjeld om du ynskjer å ta med deg barnet/ungdomen din for å delta som publikum under kongebesøket. Fråveret melder du frå om i Edlevo.

Nokre av skulane og klassene har fått eigne oppgåver i høve kongebesøket.

LES OGSÅ: Alt du treng å vite om kongebesøket

Førsteklassingane frå alle skulane i Hareid, lagar ei kunstbok som vil bli overrekt kongeparet. Kunstboka lagar førsteklassingane i forkant av besøket, og på sjølve dagen vil dei ikkje vere deltakarar på folkefesten i sentrum.

Elevane som går i 5.-7.klasse på Hareid skule, Hjørungavåg skule og Bigset skule, er velt ut til å representere skuleelevar under kongebesøket. Dette vil vere i regi av skulen, og elevane vil bli fulgt av lærarar og tilsette under heile festen.

Elevane frå dei tre skulane møtast på Hareid skule og går ned til Tusenårsplassen ilag. Her stiller dei opp på merka område. Alle elevar er bedne om å ha med eit norsk flagg, som dei skal helse kongen og dronninga med. Elevane vert oppmoda om å kle seg fint.

Elevane frå ungdomsskulen deltek som ordinært publikum –dei vil bli ståande utanfor det avgrensa området.

Det er ikkje lagt opp til at dei yngste elevane våre (1.-4.klasse) skal delta på kongebesøket i regi av skulen denne dagen. Dersom du likevel ynskjer at dei skal få delta på folkefesten, må du sjølv ta med barnet ditt til sentrum denne dagen. Meld frå i god tid til skulen at barnet ditt skal ha fri.

Elevar ved Brandal friskule vil vere til stades når kongeparet kjem til Ishavsmuseet.

Vi gler oss over at Hareid kommune får besøk av kongen og dronninga, og over at vi får vise fram noko av alt det gode arbeidet som vert lagt ned av frivillige innbyggarar i Hareid.

Vi oppmodar alle som har høve til det å møte opp som publikum, og vere med å skape god stemning i sentrum denne dagen.

Helsing rektorane i Hareid kommune