Informasjon om nye retningsliner for TT-ordninga i Møre og Romsdal

Fylkestinget har vedteke å redusere potten til TT-ordninga (tilrettelagt transport). Dei har også vedteke nye retningslinjer som skal gjelde frå 1. januar 2025.

rullestol i fart - Klikk for stort bilete Pexels.com

Frå og med 2024 blir potten redusert frå 15 millionar kroner til 10 millionar kroner for fylket samla. Dette gjer at færre vil få TT-kort. 

Det blir også innført ei rekke andre endringar:

  • Det blir innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024
  • TT-kortet kan ikkje brukast til å dekkje eigenandelen
  • Brukarar som per dags dato i år ikkje har nytta TT-midlane blir tekne ut av TT-ordninga
  • Frå og med dags dato blir ingen nye brukarar tekne inn i TT-ordninga
  • TT-brukarane må innan 1. oktober 2024 søkje om TT-midlar for 2025 etter dei nye retningslinene. Nye søknadsskjema og legeerklæring tilpassa dei nye retningslinjene for 2025, vil kome i løpet av september 2025. Søkarar må difor vente med å søkje til dette er på plass.
  • Det blir oppretta venteliste for søkjarar som fyller kriterieriene og ikkje får tilbod om reisestøtte.

 

Dersom du har spørsmål, kontakt sentralbordet i Hareid kommune på 70 09 50 00.