Inkluder også dei som ikkje har råd!

No er det mogleg for lag og organisasjonar å søke nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge frå låginntektsfamiliar.

Klikk for stort bilete Pexels.com  

Offentlege instansar, private aktørar og frivillege lag og organisasjonar kan søke om tilskot via ordninga "Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge".

Søkarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet.

Målet med ordninga er å motverke og eller dempe konsekvensar av fattigdom blant barn og unge. 
Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å gjere det mogeleg at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Målgruppa for tilskotsordninga er barn og unge som er berørt av fattigdomsproblem. Saman med dei berørte inngår deira familiar i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.

 

Det kan mellom anna søkast om tilskot til tiltak som inneber at

  • barn og ungdom berørt av fattigdomsproblem og deira familie kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar            
  • barn og unge berørt av fattigdomsproblem og deira familie kan delta i ferieaktivitetar
  • barn og unge berørt av fattigdomsproblem kan delta på alternative meistringsarenaer.

Aktuelle tiltak kan t.d vere idrettsaktivitet, ferietiltak (dagtilbod), friluftsliv, musikk og dans, førebyggande aktivitet, ferietiltak med foreldre, film/data/ikt, etc.

For søknadsåret 2020 fekk ---- i Hareid kommune tilskot til å oppføre ein gapahuk gjennom ordninga.Bufdir opnar søknadsskjema 13.november og søknadsfrist for å søke midlar er 4.desember 2020. Lenke til søknadsskjema finn de via denne lenka.

Spørsmål knytt til søknad kan rettast til kommunen sin kontaktperson for ordninga, folkehelsekoordinator Monica Torvik Stokset, på e-post: monica.torvik.stokset@hareid.kommune.no