Inviterer til felles 8. mai-markering for søre Sunnmøre

Frigjeringsdagen blir markert ved Ragnar Ulstein-bysta i Ulsteinvik. Frå Hareid kommune stiller ordførar Bernt Brandal.

Nærbilete av bysta til Ragnar Ulstein. - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust

Bysta vart avduka ved Ulstein rådhus i 2016. Ulstein Mannskor har sidan det markert frigjeringsdagen årleg med seremoni og mannskorsong.

Frå 8. mai i år vert arrangementet felles med veteranforbundet for alle kommunane på søre Sunnmøre. Arrangørane ønsker å engasjere folk i alle aldrar til å ta ta del i markeringa.

Om arrangementet

Arrangementet varer frå klokka 17 til 18.

Veteranar og pårørande frå søre Sunnmøre vert innbedne spesielt. Dei eldste attlevande veteranane hadde teneste i Tysklandsbrigaden og på Gaza-stripa. 

Mot slutten av arrangementet vil områdesjef i Heimevernet, Hans Ole Låbakk, halde tale og dele ut medalje til mannskap som har tenestegjort i Tysklandsbrigaden. Militær æresvakt vil vere oppstilt nær monumentet.

Ei viktig målsetting med arrangementet har vore å engasjere ungdommen i denne fredsmarkeringa. Russepresidenten ved Ulstein vidaregåande skule har halde appell for dagen. I år er det Jakoba Solvang som held appell.

Kommunane, NVIO (Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner), avdeling Sunnmøre, og NROF (Norsk Reservistforbund) avdeling Søre Sunnmøre, støttar arrangementet.

Bakgrunn

Ragnar Ulstein var krigsveteran, forfattar og krigshistorikar. Han intervjua mange tidsvitne, også dei som kom heim som veteranar. Ragnar Ulstein har dokumentert korleis 2. verdskrig råka folk også frå vår del av landet. Utan Ragnar Ulstein sitt grundige krigshistoriske arbeid kunne viktig historie frå vår nære fortid ha gått tapt.

Kommunane på søre Sunnmøre samarbeider no om å få utarbeidd ein felles handlingsplan for veteranar, og eit slikt fellesarrangement vert vurdert som viktig.