Ivrige junior-lesarar på Hareid folkebibliotek

Sommarles er i sving og mange born på Hareid gjer nærast ikkje anna enn å lese for tida.

Joakim, Elias og Iver besøker nybiblioteket. Dei les mange kjekke bøker i jakta på haitenner, pilspissar, smykkesteinar, blomsterfrø, Sommarlesarmband og anna spanande dei kan velje som premiar i Sommarles. Flinke lesarar vert dei også. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hedda og Julia viser fram nokre av dei flotte premiane sommarlesdelatakarane kan få. Fine premiar og kjekke bøker å velje i på biblioteket motiverer til lesing.

I dag er 45 prosent av alle borna i målgruppa med. Det gjeld alle born frå dei som skal byrje i 1. klasse til dei som skal byrje på ungdomsskulen til hausten.

Sommarles er den store snakkisen kvar sommar blant born i heile landet og biblioteket håpar at fleire born får moglegheita til å vere med. Då treng dei hjelp av føresette til å opprette ein brukar inne på sommarles.no Ein må knytte brukaren til eit lånekort. Det kan vere ein vaksen sitt lånekort eller bornet sitt lånekort. Spør biblioteket om hjelp dersom du treng det.