Jeanette tek over for Mariann

- Eg gler meg til å bli kjend med og samarbeide med kollegaar og styrarar. Saman skapar vi dei gode barnehagar i Hareid.

Jeanette Reiten (t.v.) tek over jobben til Mariann Båtnes. Den siste tida har dei jobba saman for å få til ei god overlevering av lokal kunnskap og -kompetanse. Erlend Friestad

Det seier Jeanette Reiten som blir ny barnehagerådgivar i Hareid kommune. Ho tek over jobben til Mariann Båtnes som no blir pensjonist.

Dei siste dagane har dei sete saman på kontoret for at Jeanette skal få ei god innføring i barnehageområdet i Hareid kommune.

 

Stor tru

Jeanette Reiten (49) kjem frå jobben som barnehagerådgivar i Sula kommune. Den jobben har ho hatt i 14 år. Før det var ho styrar i to barnehagar.

- Vi er veldig glade for å ha fått tak i Jeanette som erstattar for Mariann. I tilsettingsprosessen merka vi oss at ho er ein person med stor arbeidskapasitet, men som det også er veldig behageleg å vere i lag med. Vi har stor tru på at Jeanette er rett person til å ta vare på og vidareutvikle barnehagetilbodet på Hareid, i lag med alle dei flinke medarbeidarane ute på einingane, seier Helge Hamre, kommunalsjef for læring og kultur.

Jeanette Reiten bur også på Sula saman med mannen sin som ho gjerne drar på bybobilferie med. På fritida går ho ofte tur med den 14 år gamle dansk-svenske gardshunden eller så likar ho godt å sy – så godt at ho faktisk sydde brudekjolen sin sjølv! Tidlegare har ho også drive med friidrett og handball.

 

- Har løfta barnehagane

Mariann Båtnes har vore 12 år i Hareid kommune som rådgivar. I periodar med stort fråvær og utskiftingar i sektoren har ho også hatt rådgjevingsoppgåver knytt til skule og har vore den på kontoret som, framfor alle, har representert kontinuiteten i leiinga av sektoren dei åra ho har vore tilsett i kommunen.

- Gjennom Mariann si rettleiing og støtte til barnehagane, står dei fram som eit område der kommunen leverer veldig gode tenester til føresette og barn på Hareid, noko også Statsforvaltaren understreka i sin gjennomgang av kommunen hausten 2024, seier kommunalsjef for læring og kultur Helge Hamre.