Johanne skal drifte nettsida og Facebook til Hareid kommune

Det neste halvåret vil tilsette og innbyggarar møte eit nytt fjes i kommunen sine kommunikasjonskanalar.

Bilete av Johanne Krogstadmo med tre i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Privat   

Johanne Krogstadmo (56) skal nemleg ta over mange av oppgåvene til kommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad som skal ut i pappaperm. Ho skal mellom anna drifte og levere innhald til nettsidene våre og Facebook. De vil også møte Johanne om de ringer Hareid kommune eller stikk innom rådhuset, då ho også skal betene sentralbord og skranke. I tillegg vil ho få ansvar for noko sakshandsaming som ligg til servicetorget.

- Eg gler meg til å bli betre kjent med nye kollegaer og til å vere ein del av samspelet mellom folkevalde, innbyggarar og tilsette i Hareid kommune. I tillegg gler eg meg til nye utfordringar og arbeidsoppgåver og håper eg kan bidra positivt medan eg er her i Hareid kommune, seier Johanne som startar opp i jobben i slutten av juli.

Johanne er den grafiske designaren som blei kyrkjeverje. Ho har lang fartstid i det interne marknadsføringsbyrået til legemiddelgiganten GSK. Her har vore med og utvikla og designa kampanjar og informasjonsmateriell. Etter over 30 år med ulike roller i GSK drog ho heim til Sunnmøre. Her fekk ho jobb som administrasjonssekretær i Ulstein sokn med ansvar for mellom anna kommunikasjon og informasjon i tillegg til sakshandsaming. Det siste året har ho vore kyrkjeverje i Sande kommune, der ho har hatt mange av dei same oppgåvene som i Ulstein.

Når ho ikkje er på jobb på rådhuset, finn de Johanne heime saman med sambuaren i Haugsbygda. Ho er glad i livet utandørs, og særleg livet ved sjøen.

Ta godt i mot ho!