Johannes blir ny næringssjef

Johannes Alme er tilsett som ny leiar for næring i Hareid kommune.

portett av Johannes Alme - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

- Eg ser fram til å starte, seier Johannes Alme (56) frå Brandal.

Han tek til i stillinga frå 1. februar. Alme har lang og variert erfaring frå maritim industri, konstruksjon, produksjon, sal, prosjektleiing og administrasjon. I tillegg har han erfaring frå kommunal forvaltning som kommunalsjef i Skjåk og Herøy kommunar.

 

Leiar for næring har rolla som næringssjef og skal legge til rette for å få fleire innbyggarar, skape enno betre rammevilkår for eksisterande næringsverksemder og leggje til rette for å utvikle ny næringsverksemd.

Han vil også ha rolla som hamnesjef og skal mellom anna føre vidare satsinga på cruise og

Leiar for næring har ansvar for klima, miljø og berekraft-arbeidet.

Alme er gift, har ei stedotter på 34 år, og to søner på 28 og 26 år. Han har stor interesse for ishavshistorie og har formidla den gjennom artiklar bøker og mange foredrag.