Kamilla Grimstad Hagen er tilsett som demenskoordinator

Ho skal gjennom stillinga bidra til gode rutiner og tilbod i demensomsorga og gje råd, rettleiing og informasjon til pasientar og pårørande.

Bilete av kvinne i uniform på balkong på sjukeheimen. Hareid sentrum, fjell og fjord i bakgrunnen. Sol og blå himmel. - Klikk for stort bilete Synnøve Nystøyl

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kamilla er utdanna sjukepleiar, med vidareutdanning i demens og alderspsykiatri, i tillegg til pedagogikk. 

Stillinga som demenskoordinator i Hareid kommune er nyoppretta og skal mellom anna vere eit lavterskeltilbod der både personar med demenssjukdom og deira pårørande kan ta kontakt. 

Korleis få hjelp?

Du treng inga tilvising. Du kan sjølv ta kontakt og tenesta er gratis. Koordinatoren er tilgjengeleg på telefon og e-post, samtalar på kontor (etter avtale) eller kan kome på heimebesøk.

Vi veit det kan vere tøft når menneske vert ramma av demens. Det å kome tidleg i dialog kan bety svært mykje, så ver ikkje redd for å ta kontakt.

Kontaktinformasjon:

Kamilla Grimstad Hagen
Telefon: 48 10 44 97
E-post: kamillagrimstad.hagen@hareid.kommune.no