Kan du tenke deg å vere besøksheim?

Barnevernstenesta søker to besøksheimar. Ein til ein gut på 11 år og ein besøksheim til ei jente på 11 år.

Pixabay.com  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.


Det kan gjerne vere eigne barn i besøksheimen, om ein har dyr er det berre positivt.

Dersom nokon kan tenke seg slike oppdrag, ta kontakt med interkommunal barnevernsteneste på telefon 901 98 362/ 402 30 712, adr. Rådhuset, Stormyra 2, 6100 Volda.

Det er jamleg behov for besøksheim for born i våre kommunar, så ta kontakt med Torill O. Vinjevoll eller Anette Hauger for meir informasjon eller ønske om eit oppdrag.

Kva er ein besøksheim?

Besøksheim (eller avlastingsheim) er noko anna enn ein fosterheim. Dersom du er besøksheim tar du imot eit barn ei eller fleire helger i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som treng det. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen hjå biologiske foreldre, men skal samarbeide med desse.

Slektningar kan også vere besøksheim.

Kva er ei fritidskontakt?

Ei fritidskontakt er ein medarbeider som er løna av kommunen. Gjennom samvær og ulike fritidsaktiviteter skal fritidskontakta bidra til at menneske med behov for hjelp, støtte og kontakt får ei trygg og meiningsfull fritid.

Les meir om den interkommunale barneverntenesta på Volda kommune sine nettsider.