Kan du vere besøksheim for barn og ungdom?
Vi treng avlastingsheim for barn og ungdom. Kan dette vere noko for deg og din familie?
Har du tid til overs og vil vere med på å gjere ein forskjell? Sjå under
Kva er ein besøksheim/avlastingsheim?
- Ein besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og skal vere ei støtte til familiar som treng det.
- Besøksheim er ei familie som tek i mot eit born om lag ei helg per månad. Det er ikkje naudsynt med sosialfagleg kompetanse.
- Det som er viktig er at familien har ein stabil familiesituasjon og kan binde seg til oppdraget over tid. Det kan ikkje vere rusproblematikk eller psykiske problem i familien.
- Besøksheimen må ha tid og overskot til å vere besøksheim. Det må også vere plass til barnet/ungdomen i heimen.
- Målet er at barnet/ungdomen skal få positive opplevingar i trygge omgjevnadar.
- Besøksheim/avlastar må leggje fram politiattest og skrive under skjema for teieplikt.
- Ta kontakt med Bu- og habiliteringtenesta i Hareid kommune ved interesse:
Publisert av Erlend Friestad
Sist endra 28.08.2024 08:10