Kim-Tore skal handsame byggesakene dine

Skal du bygge noko, er det stort sannsyn for at du vil ha kontakt med Kim-Tore Leirbekk Husøy som er vår nye byggesakshandsamar.

Portrett av Kim-Tore Leirbekk Husøy bak kontorpulten sin. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Kim-Tore (39) har fagbrev i logistikk og har jobba det meste av sitt yrkesaktive liv innanfor lageryrket. I 2019 starta han på ein bachelorgrad i planlegging og administrasjon på Høgskulen i Volda. Den blei han ferdig med til sommaren i fjor.

Som byggesakshandsamar vil han i hovudsak handsame byggesaker og rettleie kundar og brukarar innanfor fagområdet.

Han har vakse opp på Bigset og har også vald å busette seg der. På fritida går det mest i fotball. Han er mellom anna trenar for G-2015 i Hareid IL. Her sit han også i fotballstyret med ansvar for barnefotballen. Han har også sitt favorittlag i Premier League, og her er engasjementet stort, så treng du ein samtalestartar veit du kvar du skal starte.

Kim-Tore tek over jobben som byggesakshandsamar etter Christer Adrian Mork.