Kjernejournalane kan no nyttast av autorisert helsepersonell

Alle innbyggarar i Noreg har tilgang til kjernejournalen sin. No har helsepersonell på søre Sunnmøre fått lære korleis dei kan søke i kjernejournalane når dei skal gi helsehjelp.

ein lege jobbar ved pc-en - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Kjernejournalsystemet er ei plattform for å kunne dele viktig helseinformasjon. Journalane gir rask tilgang til vesentlege helseopplysningar for dei som treng opplysningane og har rett til å sjå dei. Det er ei enkel og sikker samhandlingsløysing for helse- og omsorgssektoren. 

Kva ligg i ein kjernejournal?

Storparten av innhaldet i pasienten sin kjernejournal vert henta direkte frå offentlege register. Det kan vere Folkeregisteret, Fastlegeregisteret, Reseptformidlar, Norsk Pasientregister og Difi-kontaktregisteret.

Alle innbyggarane har fått tildelt ein kjernejournal, som er tilgjengeleg på helsenorge.no. Systemet er innført på alle sjukehus og legevakter og hjå dei fleste fastlegar. Kjernejournalen hentar inn besøksstatistikk frå spesialisthelsetenesta. Han har tilgjengeleg tre års historikk på utleverte legemidlar.

For enkelte pasientar er det fylt ut kritisk informasjon. Innbyggaren kan sjølv registrere eigne opplysningar om næraste pårørande og viktige kontaktpersonar i helsetenesta. Innbyggaren kan avgrense eller sperre delar av kjernejournalen og sjå ein logg som viser kven som har søkt i journalen. 

Kven kan søke i kjernejournalen?

Det er gjennom fagsystemet Gerica at helsepersonell kan søke i kjernejournalane. Det er berre autorisert helsepersonell som sjukepleiarar, vernepleiarar, psykologar og legar som kan søke i kjernejournalen. Det er obligatorisk opplæring.

Tilsette skal ha eit arbeidstilhøve i kommunal helseteneste og logge seg inn via sikker pålogging. Tilsette skal berre søke i ein journal når det er eit tenestleg behov som gjeld det å gi helsehjelp. Førebuing og etterarbeid er også definert som helsehjelp.

Eksempel på informasjon som det kan vere naudsynt å hente ut av kjernejournalen er namn på fastlege, helsekontakter eller pårørande, kritisk informasjon og legemiddel. 

Utfyllande informasjon finn du hos Norsk Helsenett og på helsenorge.no.