Kjøpmannsgata stengd laurdag 9. august – merk lyd og aktivitetar gjennom helga

I samband med Seinsommarfest 2025 vert Kjøpmannsgata stengd laurdag 9. august frå kl. 10.00 til kl. 16.00. 

Dronefoto av festivalområdet - Klikk for stort bileteBlålysetatane stilte med bilar, til stor glede for ungane. Erlend Friestad

Stenginga gjeld strekninga frå Kyrkjelydshuset til Drammensvegen, og skjer i samband med barnefestivalen og blålysshowet.

Det vil vere aktivitetar i området heile helga, frå fredag 8. august til søndag 10. august, og innbyggarar må rekne med noko lyd frå konsertar og arrangement.

Hareid kommune har sendt ut nabovarsel om stenginga til eigedomane i området, og oppmodar alle til å vise omsyn og følgje skilting og sperringar.

Stenginga er godkjent av Hareid kommune, og det er teke høgde for tryggleik og framkomst for utrykkingskøyretøy. Vegen vil vere tydeleg merka med skilt og hinder.

Sjå programmet til Seinsommarfest på opplevhareid.no.