Klar for årets Stikk Ut-sesong? Onsdag 1. mai brakar det laus!

Vi håper alle har fått Stikk Ut-kartet i posten. Der finn du alle turane på Hareid og i resten av Møre og Romsdal. Vårt mål er at alle kan finne turar til sitt bruk blant årets Stikk Ut-turar.

Kvinne på veg opp til Melshornet - Klikk for stort bileteMelshornet er ein av dei faste Stikk ut-turar i Hareid kommune. Hareid kommune

 

Hareid kommune rettar ein stor takk til dei frivillige som er med å merke turmåla i desse dagane! Vi set svært stor pris på velviljen og innsatsen!

Her kan de lese om Stikk Ut-turane i Hareid i år.

Bli med ordførar Bernt på tur!

Søndag 26. mai klokka 14 kan alle som vil vere med ordførar Bernt på Stikk UT-tur på Rotarystien. Vi går samla frå parkeringsplassen i Kaldholen til den store gapahuken. Her vil vi få litt informasjon om Rotarystien og historia bak den ved Sverre Jarl Ulstein. Det blir også servert kaffi og kaker i regi av Aud Grimstad og Arnhild Vartdal Teigene. Desse to driv naturmøteplass ved gapahuken kvar tysdag i sommarhalvåret. Håper mange vil bli med!

Stikk Ut Norge

Friluftsråda jobbar saman med kommunane for å fremme friluftsliv for alle, og vi er stolte over at fleire friluftsråd i Norge også ser korleis Stikk Ut bidreg til stor aktivitet og turglede, og vil innføre turtrimmen i sine regionar.

Derfor kan du frå i år også registrere Stikk Ut-turmål fleire andre stader utanom Møre og Romsdal. Friluftsråda i Fjordane, Lister, Vesterålen, Midtre Hålogaland, Midt-Troms, Nord-Troms og Finnmark, blir med i Stikk UT-familien, og målsettinga er ei stegvis innføring også andre stadar i landet. Under årets oppstart av Stikk UT Norge er heile 82 kommunar med, og tilbyr om lag 1 600 turmål.

OBS! Berre registrering i app frå i år

Fakta om Stikk Ut:

Stikk Ut er ein turtrim der ein kan registrere dei turane som er plukka ut til å vere turmål denne sesongen. Det er gratis å delta, ein lastar ned appen og opprettar ein brukar, så registrerer ein koden som finns på kvart turmål. Går du meir enn sju turar kan du kjøpe deg din eigen Stikk Ut-premie. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober. Les meir på stikkut.no

Utviklinga viser at om lag 95 prosent no registrerer turane sine i Stikk Ut-appen, og ikkje på stikkut.no. Frå og med i år vil ein berre kunne registrere turar i appen.

– Valet måtte kome før eller seinare, og det vart naturleg å endre dette i år når tur-appen blir oppdatert i samband med etableringa av Stikk UT! Norge. Vi håpar dette ikkje fører til vesentlege problem med å registrere, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd som gjerne hjelper dersom det byr på problem for nokon.

Nettsida stikkut.no blir også ny, med litt annan funksjonalitet enn tidlegare.

Vi oppfordrar alle til å invitere med seg ein ven, nabo eller kollega på Stikk UT!-tur.

Hugs å registrere turane dine og god tur!