Klar for ein aktiv og miljøvenleg vår og sommar?

Bli med Hareid kommune på ein seksvekers lågterskelkonkurranse i fysisk aktivitet!

Foto av overkroppen til syklist bakfrå. - Klikk for stort bilete Markus Spiske /Unsplash

Frå 3. mai – 16. juni spanderer Hareid kommune deltakaravgifta på alle innbyggarar og verksemder som deltek i sykle til jobben-kampanjen. Her kan du skåre poeng når du nyttar dine eigne krefter til å kome deg til og frå jobb - men det er ikkje berre sykling som gir poeng – all fysisk aktivitet både til og frå jobb og på fritida gir deg moglegheit til å hevde deg i konkurransen. Konkurransen passar alle uansett fysisk form.

Du kan konkurrere mot deg sjølv, mot vener eller kollegaar i verksemda du er tilsett. Verksemdene eller einingane internt i ei verksemd vil også kunne konkurrere mot kvarandre.

Vi vonar konkurransen gir motivasjon til meir fysisk aktivitet og mindre bruk av bil – og dermed mindre utslepp.  Å delta med kollegaer, venner, tusenvis av verksemder og 40 000 årlege deltakarar gir ein kjensle av å vere ein del av noko meiningsfylt og større.

 

Slik meldar du deg på:

Meld deg på her: https://www.sykletiljobben.no/

Last ned appen Bedriftsidretten på telefonen.
(NB: ikkje «sykle til jobben»-appen)

 

Slik får du poeng

All aktivitet gir poeng. Både sykling, springing, treningssenter, fotball, fjellturar og all aktivitet til og frå jobb og på fritida tel. Kanskje du kan kombinere denne kampanjen med ein offensiv start på Stikk Ut-sesongen?

Under heile kampanjen får du inspirasjon, utfordringar og moglegheiter til å vinne premiar. Du kan få maks 3 poeng per dag.

Aktiv reiseveg (til/frå jobb, butikk med meir) er rekna som stjerneaktivitetar og får du poeng også får dei kortaste øktene. 

Aktiv reiseveg gir poeng uansett tid:

  • 5- 29 minutt aktiv reiseveg = 1 poeng
  • 30 - 59 minutt aktiv reiseveg = 2 poeng 
  • Over 60 minutt aktiv reiseveg = 3 poeng
     
    • Aktiv reiseveg inkluderer: gå/springe/sykle til jobb, butikk eller trening, samt aktivitet til/på/frå heimekontor
    • Vi oppmodar som Helsedirektoratet minimum. 30 min aktivitet pr dag.
    • Vi oppmodar at stjerneaktivitetane utførast i minimum 10 min.

For andre aktivitetar enn aktiv reiseveg gjeld følgande poengskala:

  • Minst 30 minutt aktivitet = 1 poeng
  • Minst 60 minutt aktivitet = 2 poeng 
  • Minst 90 minutt aktivitet = 3 poeng
     
    • Gjeld per økt, men du kan slå saman økter.
    • Registrerer du økter under 30 min i appen legg ikkje systemet saman øktene, og du vil få 0 poeng.
    • Hugs difor å registrere disse samanlagt og på minst 30 min.

 

Korleis rangerast deltakarar med lik poengsum? Ved poenglikskap er det varigheita som vil differensiere plasseringane på resultatlistene.

Den viktigaste gevinsten? Meir aktivitet, meir energi og mindre utslepp.

 

Berekraftig samfunn

Tilbodet om å delta i Sykle til jobben-kampanjen er ein del av Hareid kommune si satsing på berekraft. I mai vil det mellom anna bli arrangert ei berekraftsveke på biblioteket med fokus på grøn mobilitet.

FNs berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030.

For å ikkje bruke opp den einaste kloden vi har, må vi finne løysingar som balanserer belastninga på miljøet med forbruket og økonomien vår, og vi må finne betre måtar å fordele ressursane på. Då blir det berekraftig både for menneska og miljøet.

Her kan du lese meir om berekraftsmåla