Klarer vi 500 abonnentar innan nyttår?

I 2020 har Hareid kommune sendt ut nyheitsbrev på e-post. Bli ein av de nøgde lesarane du også.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Per no har Hareid kommune om lag 460 personar som abonnerer på nyheitsbrevet. Det er eit veldig bra tal, vi er trass alt berre 5000 innbyggarar i kommunen. I tillegg får alle tilsette i kommunen tilsendt nyheitsbrevet automatisk.

Men vi er ikkje nøgde – vi vil ha fleire abonnentar. Klarer vi å nå 500 før nyttår? Då treng vi di hjelp. Del denne artikkelen med vener, familie, kollegaar og andre du trur kan ha nytte av å vere abonnentar.


 

Vi meiner nyheitsbrevet har ein stor verdi då det gir eit kjapt overblikk over kva som rører seg i kommunen.

  • Kanskje får du med deg ein nyheit som du elles ville gått glipp av?
  • Kanskje det er ein viktig søknadsfrist som du blir minna på?
  • Kanskje vi har ledig ei stilling som du eller nokon du kjenner vil søkje på?

Her kan du lese alle dei tidlegare utgåvene av nyheitsbrevet

Lesarane våre er einig i at det nyheitsbrevet er viktig. Over 60 prosent av dei som får e-posten frå oss, opnar han. Det er godt over snittet for tilsvarande nyheitsbrev som har ein opningsrate på rundt 35 prosent.

Nyheitsbrevet blir sendt ut om lag to gangar i månaden og ved særskilde hendingar. Det er fullt mogleg å melde seg av nyheitsbrevet når som helst.

PS: Vi er berre litt over 100 likarar frå å ha eit flott rundt tal på Facebook også. Klarer vi 3.000 innan nyttår? Lik sida sjølv og inviter vener, familie og andre som kan tenke seg å vere interessert!