Komfyren stod for 79 utrykkingar i Møre og Romsdal i 2020

- Det kan fort gå frå matos til farlege branngassar, og i verste fall kan det oppstå brann, seier  Live Gandborg branningeniør i Hareid og Ulstein brannvesen.

Det som kanskje skulle bli middagen, blei til forkulla rester etter at grytene blei glløymd på komfyren. Med komfyrvakt, ville sikringa til komfyren bli slått av før brannen hadde fått starta. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Brann- og redningsvesenet i Møre og Romsdal rykte i 2020 ut til 79 brannar og tilløp til brann på komfyren. I hovudsak tørrkokingar. Ei komfyrvakt kan løyse problemet og bidra til å redde liv og verdiar.

– Mange sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkenet. Enten om då det ringde på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. At ein er litt uoppmerksam er alt som skal til, seier Gandborg.

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det leggjast opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos elektronikkbutikkar, kjøkenbutikkar og i nettbutikkar.

– Dei fleste komfyrbrannar skyldast at ein ikkje er merksam, og ikkje tekniske feil ved produktet. Ingen tar skade av å vente litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade om du gløymer det, seier Live Gandborg.

 

Slik fungerer komfyrvakta

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.

– Hald oppsikt under matlaging og skru av eller demp varmen om du blir avbroten. Det er også viktig å reingjere ventilator jamleg og passe på at det ikkje ligg brennbare ting for nærme koketoppen, seier Live Gandborg.

Komfyrvaktkampanjen

Onsdag 10. februar blir det arrangert ei nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd om dei mange komfyrbrannane. Under kampanjen vil brann- og redningsvesenet og det lokale eltilsynet ha lokale aktivitetar over heile landet. Som del av kampanjen vil det bli delt ut 250 komfyrvakter til nokon som treng det rundt om i landet.

Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak «Alt vi kan mot brann» står DSB, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk brannbefals landsforbund, Feiermesterens landsforening, Nelfo, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet og sakkyndige selskap.

Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.

Kontaktpersonar lokalt:

Live Gandborg, branningeniør Hareid og Ulstein brannvesen telefon: 48203494