Kommunal forsikring dekker private tap etter brann

Ein god nyheit inn i jula: Kommunen sin forsikring dekker personlege tap etter brannen på Hareid skule.

Hareid skule etter brannen desember 2019 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Det blitt stilt ein del spørsmål om kven som skal dekke dei private eigedelane som gjekk tapt i brannen på Hareid skule. I utgangspunktet skal kvar elev og tilsett syte for eigne forsikringar.

I dette tilfellet vil likevel kommunen sin forsikring dekke tapet.

Slik gjer du det:

Alle må levere inn skademelding til sitt private forsikringsselskap.

Kommunen sin forsikring vil dekke nettotapet ditt.

Døme: Ein elev har fått øydelagt/mista gjenstandar i brannen verdt 7.000 kroner. Foreldra sin private forsikring dekker skaden, men må betale eigenandel på 3.000 kroner. Kommunen sin forsikring vil då dekke eigenandelen på 3.000 kroner.

Mange vil ha tap som er lågare enn eigenandelen til den private forsikringa. De må likevel melde inn kravet til dykkar selskap og so få eit «nulloppgjer».

Meir informasjon korleis de melder tap til kommunen med meir, vil kome når skulen startar opp igjen 6. januar.