Kommunalministeren fekk godord om Hareid og utfordringar på vegen

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik høyre om alt det spennande som skjer i kommunen, men også kva vi treng for å kunne gjennomføre oppgåvene vi er pålagde.

Ordførar Bernt Brandal presenterer kommune for minister Sigbjørn Gjelsvik. - Klikk for stort bileteOrdførar Bernt Brandal presenterte Hareid kommune for kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. Til høgre er rådgivar til ministeren, Magnus Skaara Drabløs. Erlend Friestad

Hareid kommune valde å leggje besøket til biblioteket og helsehuset. Her fekk kommunal- og distriktsministeren sjå biblioteket i «arbeid». Dei hadde akkurat  arrangert eit bokbad med forfattar Geir Eiksund for skuleelevar. Biblioteket var dermed fullt av skulelevar. Nokre av dei fekk også helse på Gjelsvik.

Inne på sjølve biblioteket fekk han møte fleire representantar frå administrasjonen, i tillegg til ordførar Bernt Brandal. Ein av dei raude trådane i besøket var kommunalt samarbeid. Derfor var leiar for Nav Hareid-Ulstein-Sande Alexander Måseidvåg og klinikksjef for distriktstannklinikken, Elisabeth Nordahl inviterte. På tampen av treffet fekk dei ta med ministeren opp i etasjane for å vise fram sine arbeidsstader.

Ordførar Bernt Brandal innleia samlinga med å presentere kommunen, næringslivet og kulturlivet i kommunen. Han løfta mellom anna fram Vekst i Hareid og satsinga for å skape nye arbeidsplassar i kommunen og helsehuset, med den sentrale plasseringa og alle funksjonane.

– Helsehuset har vore ein skikkeleg boost for sentrum og var utløysande for ny Coop-butikk, ny tusenårspark og oppgradering av nabobygg, sa han.

Brandal serverte også nokre utfordringar til ministeren:

– Vi har ein fylkesveg gjennom kommunen. Vi ønsker å bygge ut bustad- og industritomter men blir møtt med rekkefølgjekrav til ny rundkøyring på ein veg vi ikkje eig. For nokre år sidan var rundkøyringa estimert til 60 millionar kroner. Eg torer ikkje å tenke på kor mykje det vil koste i dag, sa han.

Kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge hadde med seg eit knippe utfordringar til ministeren. Det viktigaste punktet var at handlingsrommet til kommunane blir mindre og mindre. Kommunane hamnar i ein skvis mellom høge krav frå stat, andre offentlege verksemder og innbyggarar på den eine sida og strukturelle endringar som auka digitalisering, høgare fagkrav og mangel på personell på den andre sida.

–  Vi, det vil seie kommunane, staten og innbyggarane, treng eit felles verkelegheitsbilete og målsetting for å unngå ein kommunal kollaps, slo ho fast.

Den raude tråden om kommunalt samarbeid blei teke opp igjen på tampen av treffet. Då blei det snakka varmt om samarbeidet med nabokommunane på søre Sunnmøre. Vi har faggrupper og møtepunkt på tvers i tillegg til formaliserte samarbeid.

– Vi samarbeider der vi kan, og konkurrerer der vi må, på same måte som det lokale næringslivet, sa ordførar Brandal

– Sunn konkurranse er bra, også mellom kommunar. Det er ein drivkraft som skapar utvikling, konkluderte ministeren og la til at dei ønsker å leggje til rette for at kommunane sjølv kan finne ut om det er samarbeid eller samanslåing som fungerer best.

I tillegg til Hareid kommune, besøkte også ministeren Ulstein og Ørsta kommunar.