Kommunevalet: Bur du i rett kommune?

Har du nyleg flytta eller er du pendlar, bør du sjekke din folkeregistrerte adresse. Kva den er 30. juni, avgjer i kva kommune du kan røyste i i valet.

Oslo kommune/Sturlason

30. juni er den sokalla skjeringsdatoen for manntalet til kommune- og fylkestingsvalet. Det er din folkeregistrerte adresse på denne datoen som avgjer kva som er din «heimekommune» i valet.

Har du nyleg flytta, eller er langpendlar, bør du derfor sjekke kvar du faktisk er folkeregistrert. Er du busett i feil kommune, må du sjølv endre din folkeregistrerte adresse. Det kan du gjere hos Skatteetaten.

I førehandsrøysteperioden vil du kunne røyste i alle kommunar og alle vallokale, uansett kvar du er busett, men røystesetelen din blir sendt til heimekommunen. På sjølve valdagen kan du berre røyste i kommunen du var folkeregistrert i den 30. juni.

Vi har hatt døme på at veljarar har kome til vallokale på valdagen og ikkje fått røyste fordi dei bur i feil kommune.