Korleis kan vi i Hareid kommune redusere klimagassutsleppa?

Klimanettverket til Sunnmøre regionråd oppmodar alle til å seie korleis kommunane skal redusere utsleppa av klimagassar dei kommande åra.

Vil vi ete meir lokalprodusert mat, og kjøpe færre billige plastprodukt produsert på andre sida av jorda? Ønsker vi at det skal bli lettare å reise kollektivt, eller er det etablert bildelingsordningar og system for samkøyring? Skal ein kunne lade el-bilen på ferja eller mens ein står i ferjekø? 

Innbyggjarane i kommunane Stranda, Fjord, Sykkylven, Sande, Vanylven, Hareid, Ulsteinvik, Ørsta, Volda og Herøy har no moglegheit til å påverke framtida på Sunnmøre. Svara skal nyttast i å forme ein ny klima- og energiplan i kommunane. 

Førebels er det innbyggarane i  Stranda kommune som har gitt flest svar med 42. Frå Hareid kommune har vi fått inn 19 svar. Totalt har det kome inn rett over 200 svar.

Bli med på nettundersøkinga du også med å trykke her.

Fristen for å svare er utvida til 1. oktober. (Var tidlegare 1. juli.)

Klima- og energiplanen blir kanskje ei av dei viktigaste planane for framtida. Klarer vi ikkje å snu utviklinga med utslepp av klimagassar i løpet av dei neste åra, står vi i fare for at det skjer sjølvforsterkande prosessar i naturen som gjer at den globale oppvarminga kjem heilt ut av kontroll.

Sunnmøre regionråd står bak undersøkinga og har henta inspirasjon frå Hamar. –«jo fleire som er med å medverkar til plana, jo betre blir planane», seiar Einar Haram i Sunnmøre Regionråd.