Korleis skal vi få di røyst?

Halvparten av dei som ikkje røyster i valet seier at manglande tid og høve var ein viktig grunn. Korleis kan vi gjere valet meir tilgjengeleg for deg?

Bilete av fire røystebåsar. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

11. september skal du som er innbyggar i Hareid kommune velje nytt kommunestyre. Allereie no legg vi planar for korleis vi skal organisere valdagen og førehandsrøystinga.

LES MEIR: Vil du stille til val i Hareid kommune?

I Hareid kommune var det nesten 1500 personar som ikkje nytta røysteretten sitt under kommunevalet i 2019. «Sofapartiet» var det største «partiet» med god margin.

Etter kvart val plar Statistisk sentralbyrå å gjennomføre ein veljarundersøking. Her får dei som seier at dei ikkje røysta, spørsmålet om kva som gjorde at dei droppa å nytte retten sin:

  • 1 av 2 (52 prosent) seier at manglande tid å høve var ein viktig eller nokså viktig grunn til at dei ikkje røysta.
  • 4 av 10 (41 prosent) forklarer det med at dei var utanfor kommunen eller borte frå heimen.
  • 1 av 4 (26 prosent) legg skulda på sjukdom eller uførheit.

Dersom du høyrer til ein av gruppene over, vil vi gjerne høyre frå deg om du har idear til kva som kan gjere det enklare å delta i valet. Innspel kan du sende til leiar for valstyret, ordførar Bernt Brandal, eller valansvarleg Erlend Friestad.

Når kan du røyste i 2023?

Planane for røystetidspunkta i 2023 er ikkje klare, men vi veit allereie no kva dagar førehandsrøystinga startar: måndag 3. juli (tidlegrøysting).

Fram til valdagen blir det då mogleg å røyste på rådhuset på dagtid, men vi kjem også til å ha kvelds- og ettermiddagsope fleire dagar når det nærmar seg valdagen.

Vi vil også ha ein dag med førehandsrøysting oppe på Hadartun (ope for alle).

Under førehandsrøysteperioden (3. juli – 8. september) kan du røyste i alle vallokale i heile landet.

På valdagen kan du berre røyste i heimkommunen din, men du treng ikkje røyste i heimekrinsen din.

Hareid kommune har fire valkrinsar: Bigset, Hjørungavåg, Brandal og Hareid. Dei tre fyrste har ope frå klokka 13-19, medan Hareid har ope frå klokka 09-21.

Dersom sjukdom eller uførheit hindrar deg i å kome til eit vallokale, kan du bestille heimerøysting. Då kjem to valfunksjonærar heim til deg med valutstyr slik at du får røyste.