Krigshistorie: Tyskarane kjem til Kvitneset

8. mai 2020 var det 75 år sidan freden kom til Noreg. I samband med dette jubileet har vi henta fram noko av krigshistoria frå vår eigen kommune. Alle skissene er laga av Magnulv Bjørndal til eit undervisningsopplegg om Kvitneset under krigen.   

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Teksten er henta frå eit undervisningsopplegg skrive av Magnulv Bjørndal i 1982.

Slik skriv han i innleiinga si:

«Arbeidet synte seg å vere vanskeleg, for trettisju år er gått sidan krigen slutta. Mykje er borte eller nedrausa av festningsanlegget, berre ruinar att. Forsvaret har lite samla om Kvitneset, men dei har vore svært hjelpsame. Dei fleste som arbeidde i Kvitneset, er anten døde eller gamle så minnet svekkast. Sikraste kjelda mi har vore lydbandet eg tok opp med kaiekspeditør Karl Landmark. Han las inn frå kai-rekneskapen sin.»

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.

Så utdraget:

Magnulv Bjørndal  Først litt om bygda Brandal

Brandal i 1940 og Brandal i dag er ikkje det same. No er Brandal ein liten ”soveby” der folk bur, men har arbeidet sitt andre stader.

I 1940 var Brandal ein aktiv stad. Alt arbeidsliv krinsa om fiske og fangst. Tre, etter måten store, fiskedampbåtar høyrde heime i Brandal, og dertil 9 store ishavskuter.

Elles var der fleire dekksbåtar. Fleire skipperar låg der og med skuter.

Der var sildeoljefabrikk, sildesalteri og spekk og skinnmottak.

Folketalet i Brandal den gong var ca 400.

9. april var 3 skuter ved New Foundland, 6 i Vesterisen. Dei siste nemnde kom heim.

Seinare enda og nokre av dei på Island.

Såleis kom mellom 30-40 mann til å vere ute under krigen frå denne vesle bygda.

7 kom ikkje levande heim, og fleire fekk ein helseknekk så dei er døde for lenge, lenge siden. (døde unge).

Av den store floten rekvirerte tyskarane alle utan ”Årvak” og ”Gunhilde”.

Skuta ”Brandal” skal vi høyre om seinare.

 

Magnulv Bjørndal  Tyskarane kjem

17. mai 1941 kom ein løytnant og 22 mann. Dei gjekk rundt i husa, såg seg om, og så fekk ein ordre om at her skulle så og så mange soldatar ha husrom. (Løytnanten heitte elles Kalde).

Han og opp-passaren hans kravde å få bu hjå foreldra mine (M.Bj.) Løytnanten var litt stiv og korrekt, men opp-passaren var ein hyggeleg bondegut frå Nord-Tyskland som forsikra med ein gong at han ikkje var nazist. Ordet kaldevatn som vi brukar ofte, hadde han mykje moro med, for det likna på noko anna!

Den 20. mai kom 64 mann med fullt utstyr, og 23. mai kom 4 kanoner.

Det var gamle franske frå 1888 vart det sagt, og dertil 4000 granatar og 460 kasser med ammunisjon. Alt dette vart lagra nede på platten, ned for huset til Karl Landmark.

22 artilleristar kom og same dag.

27. mai kom så første puljen med ”Tottar”.

 

Skulen

Det vart snart så mange tyskarar at dei no tok skulen til å bu i. Det kom og for tyske soldatar ut i eitt. Noko var det at ein skifte mellom anlegga, noko at ein ladda opp til åtaket på Russland.

Skreller

7. juli kom første ”skrellene” frå Ålesund. Det var dei såkalla tyskarjentene, som var kjærestar med tyskarane. Dei skrella poteter o.l. Derav namnet. Dei fleste av dei var det synd i, for dei skyna ikkje kva dei rota seg bort i. Ofte var det slik som på ein eller annan måte hadde hatt det vondt og trongt før og. Men ein var redd dei, for dei kunne norsk og forstod kva som var sagt, og så sladra dei til ”venene”.

Kvitneset

Det var klart at tyskarane hadde ei meining med å slå seg ned i Brandal.

Dei ville bygge ei festning!

I august kom dei to entreprenørane som skulle ha utbygginga av festningsanlegget.

Dei var norske. 7. august begynte dei to entreprenørane.

Det var Bernard Olsvik og Erlend Hurlen. Det var slike som seinare fekk namnet brakkebaronar. Dei tente grovt med pengar – svarte pengar.

18. juli, kom 50 infanteristar frå Roald.

Smeden Viktor Skau frå Ålesund var med heile tida saman med ein russisk smed.

Samstundes med ”skrellene” kom og to hestar, ”Fjordingar”, og tyskarane hadde med kusk.

Det var han som i Brandal fekk namnet Grisebern.

Han og hestane vart verande i Brandal heile krigen til endes. Han var ofte stygg med hestane og slo hardt. Seinare fekk han to hestar til.

Ved utgangen av året 1941 var der kome til anlegget:

  • Sement : 1000 sekk
  • Sand: 3500 hl
  • Kalk: 40 sekk
  • Kol: 100 tonn
  • Ved: 41 famner dobbelved
  • Murstein: 30.000 stk.
  • Dynamitt: 7 kasser

 

1942

Den 23. februar var telefonen stengd, og rutebåten tok ikkje passasjerar. Ein undrar seg over dette, men snart fekk ein vite at Henry Rinnan og banden hans hadde slege til mot dei såkalla ”Englandsfarane”. (Les boka til Evensmo)

Vika før, den 14.februar, prøveskaut dei kanonene på Tueneset, og 16. februar prøvde dei kanonene på Kvitneset for første gong. Det blei ikkje mykje skyting, for 28. mai sende dei 40 brukte granathylser. I det heile så blei det sjeldan løyst skot på Kvitneset.

I denne tida hadde dei fått 4 store 8,8 cm russiske kanoner og. Dei var så tunge at ein ikkje våga å ta dei på land over kaia i Brandal, så dei vart lossa på kommunekaia på Hareid. Arbeidarane på Erstadfabrikken  ville bort å sjå på dei i matpausen, og Johannes Mork drog opp tumestokken og tok til å måle dei, men det skulle han vist ikkje ha gjort, for då kom tyskarane! Alf Kvammen anslo munningen på løypa til ca 10 cm, men kanonane var svært lange. Desse kanonane vart monterte ytst på Kvitneset. Det var antiluftsskyts.

Ei av dei første barakkene som vart oppsette var ”spisebarakka”. Ho var og brukt til forsamlingsrom. No står ho ved Hareid Stadion. (det gamle klubbhuset) .

Kunstnarar og artistar vart sende rundt til dei tyske forlegningane (les boka om rettsoppgjeret med Hamsun) og 11/6 kom det såleis ein gong elleve teaterfolk frå Tyskland til forlegninga.

Magnulv Bjørndal  Russefangane kjem

Men 27. juni kom ei og anna tropp. Det var 30 skapningar som knapt kunne kallast menneske å sjå til. Dei var så skrinne at beina skrangla inne i kleda, hauda var snauklipte, auga store og hole, kleda var berre filler. Dei meir kraup enn gjekk, og åt gjorde dei det som grønt var, glefste det i seg.

Det var dei første russefangane som kom.

Kristine Åsmo Nevstad som den gongen var tenåring og budde i Karlhaugen, fortel at det var fælt. Dei blei behandla som dyr av somme soldatar til å byrje med.

26/9 kom 20 fangar, like skrøpelege. 1. desember kom 10 til, så no var der 60.

I januar 1943 var fangetalet oppe i 105, men i gjennomsnitt var der ca. 60.

22. mars 1943 kom 40 kolli ”russehus”. Husa var av kryssfiner og åttekanta. 

Taket likna ein fiskeflake. Golvet var hardtrampa jord. Kring veggene ute var lagt opp ein mur av torv så berre litt av treverket viste. Midt i rommet var der ein eldstad. Kring veggene var der oppmura steinbriskar, ca. 30 cm høge. Kring leiren var der piggtrådgjerde.

Smått om senn fekk fangane det betre så dei kom seg. Samanlikna med leirane mange andre stadar, hadde desse det rimeleg. Folk gav fangane mat av det vesle dei hadde. Det var mest fisk og sild. Då fangane kom, reiv dei i seg rått og rote, fiskeslog og gamle torskehaud. Alt gjekk ned. Fru Nevstad fortel at det var til hennar heim dei kom først den berømmelege julekvelden då tyskarane heldt julefest og fangane kraup ut, gjekk rundt i Brandal med sekkar og sanka mat. Mor hennar putta det som var att på deira julebord i russesekken. Olav Bratli fortel at mor hans dekte bordet med kvit duk, lys og alt godt ho hadde og baud dei til bords. Det som sit att i han (var den gongen 12-13 år) er kor dei takka. At ho risikerte dødsstraff , fall henne ikkje inn. Karl Landmark fortalde at juledag kom Gran (løytnanten) med to ”blåøygde” fangar og ville vite om dei hadde fått mat hos Landmark. Nei, dit hadde dei ikkje vore, men bak Bertelnaustet hadde russarane gøymt ein sekk med brød. Då treiv Gran revolveren! Men det enda merkeleg nok med at russane for med brødet. Dei påstod at dei hadde fått mat med berre gamle folk og snille damer.

Jau, tyskarane godtok det. Dei ville helst ha saka neddyssa. Dei hadde halde dårleg vakt.

Magnulv Bjørndal  Mange av russane var flinke med hendene sine, og dei laga ringar av femøringar, fuglar og dyr av trestykke. Slike ting gav dei bort for mat. Ein russ var smed i Kvitneset heile tida. Han var rein meister. Ein gong laga han nytt sikte på ein antitankkanon.

Russane song og. Ein kunne høyre dei sørgmodige moll-songane som var ein skjerande kontrast til tyskarane sin taktfaste ”Wir fahren gegen Engeland”. Men jammen var dei og flinke songarar.

Så tilbake til tyskarane: 13. august 1943 fekk tyskarane ein antitankkanon. Den var sett opp ved Lyftingen. Kanonen skulle skyte innover vegen mot Brandal. Det er fortalt at første gongen dei prøveskaut , var dei uheldige og skaut for høgt så dei skaut av telefonstrengene på Langeneset på Hareid. Det var der hovudkabelen  til Hareid kom på land.

Sant nok hadde soldatane i Brandal det godt, men tankane gjekk nok til dei heime, så for ein rabla det så han hangde seg i hytta på Buhammaren.

Magnulv Bjørndal  21 november 1943 for 5 soldatar til Ålesund med liket. Nokre dagar før, den 13. vart 13 mann sende til austfronten. Kvar gong slikt hende, var det song, musikk og stort oppbod. Sanninga var at soldatane var livredde for å bli sende til austfronten. Det var kort og godt straff. Nokre som stal, vart kort og godt sende til fronten.

Festningsarbeidet

I januar 1942 sette  entreprenørane inn rutebåten ”Borg” i rute mellom Ålesund og Brandal, og ei stund hadde ein båt til. Då reiste 70 mann fram og tilbake kvar dag, Ål. – Br.

På det meste skulle der vere fram mot 140 arbeidarar, men på slutten var der berre kring 30, vart det sagt. Der var ikkje ”drepartempo” seiest det. To ålesundarar greidde å ha same sementsekken på trillebåra i ei-1-vike. men så var det rekord.

Du skjønner at slikt var rett i dei dagar. Men, mykje vart gjort likevel.

Noko av det første dei gjorde, var å rive ned gamlestova i Klombra. Der sette dei opp ei stor mannskapsbarakke. Ovanfor vegen, litt innafor Oluf Kristensen sitt hus, sette dei opp smia. Oluf sitt hus var det einaste som fekk stå. Det vart brukt til kontor. Klombraløa reiv dei og. Der oppe sette dei opp sjukestova. Det var ein sjukepassar. Dokter hadde dei ikkje. Det var dr. Sellevold i Ulsteinvik, som laut gjere teneste om det trongst. Dei skulle berre ha visst at sjåføren hans, Olav Osnes, var sjef for mil.org!

Bunkers vart oppsett alle stader. Dei stod ofte langt frå einannan. Det var vel for skuld sprengfaren. Legg merke til at det er i Klombra bustadbarakkene var.

Lagerbunkersane, verkty og proviant var og plassert i le for åtak frå sjøen. Kanonstillingane kan vi sjå av kartet og lysbileta. Mitraljøser og maskingevær låg på framskotene stader på berget. Kring heile anlegget var piggtrådsperringar.

Tett ut for  Karlhaugen var første posten, så ved Russeleiren, og den sterkaste ved Lyftingen opp på Klombrabakken. Derifrå og oppgjennom fjellsida, heilt til brattfjellet, var minelagt. Likeeins var det minelagt i Krokvika frå Lisjefluda og oppunder brattfjellet. Det var og gøymde flammekastarstillingar.

Frå Kvitneset og ut til Buhammaren vart det bygd ein stig, del med rekkverk så der var framkomeleg både sommar og vinter. På Buhammaren sette dei opp ei vakthytte. Der fekk dei og på land ein gamal lastebil som skaffa lys til ein kraftig lyskastar. Volle-Peter kjøpte linsa på auksjon etter krigen. Han la ho frå seg på kaia, så kom sola og dermed brann det. Linsa var mannshøg sa Erling Fjelly. (150 cm er rett).

Piggtråden på Kvitneset skulle de ha sett!

På det høgste er Kvitnesberget 17m over havet. Her gjekk piggtrådbeltet. Men så ein uversdag kom storebåra og snara sund heile greia. Det låg som ei forvridd pølse. Det hadde ingen venta. Jarnpålane var slitne av.

To tyske soldatar som erta båra ein dag vart tekne. Den eine vart redda av nokre brandølingar som låg bort for neset og drog sei. Dei fekk ei flaske konjakk for hjelpa. Sidan heitte det at livet til ein tyskar var verdt ei flaske konjakk.

Kanonane stod ca. 25m over havet.

Magnulv Bjørndal   1943

Kva hende i 1943?

Jau, i januar fekk dei piano, og russane vart sende til byen og fekk bade. Dei for i to puljer, ein dag 50 mann, og ein dag 55 (105).

Men den 23. mars vart det liv! Då kom ein vaktbåt med to sanitetssoldatar og for sørover i rasande fart med motorsykkel. Ei stund seinare kom dei att med ein lastebil med eit lik og ein såra soldat. Dertil to engelske ryggsekker.

Om dette kan de lese i Vikebladet noko før jul 1981. Harald Notanes si storbragd som los, vel tjue år gammal. Men legg merke til dette: Frå Kvitneset reiste ikkje ein einaste mann for å hjelpe til  eller forsvare Dragsundet. Derimot kom to mann og ei dame og heldt konsert der ute dagen etter hendinga i Dragsundet.

Ja, ja, same dagen kom og 40 kasser granatar. Kassene vog ca. 100 tonn, og 3. mai kom 216 landminer. Dei har eg før fortalt kvar utlagde.

7/6 kom 1000 kasser med ammunisjon og 7 kasser med gevær, og 12/6 40 kasser landminer. I august same året sende dei frå seg att svært mykje sprengestoff. Det var dette året alle hola i Kvitnesberget vart utskotne. Det trongst stor lagerplass.

Men så må eg fortelje noko som både tyskarar og brandølingar hadde glede av i lange tider. Om der er heilt sant, veit eg ikkje, men det vart fortalt om lag slik. (noko er vel tillaga).

6.mai kom ein general på inspeksjon. (det er rett)

Det heitte seg at det var Falkenhorst (men det kan vere feil). Grise-Bern var møtt fram med vogn og hestar for her var det på ekte prøysisk vis med helsing og stramme heil-rop! No er Bertelbakken rett opp for kaia temmeleg bratt og steinet. Grise-Bern var nervøs og oppjaga så han dreiste til hestane så dei spratt i veg som lyn. Men… så hadde Bern gløymt å feste sætet på vogna, og der deiste generalen att og bak og gjorde rundkast ned den steinete bakken, medan hestane galopperte vidare.

Både tyskarar og nordmenn i skjønn foreining, omfavna kvarandre bak nover og vegger!

Kor det gjekk med Grise-Bern, sjå, det veit eg ikkje, men han livde no då krigen slutta.

Ei anna hending som sette støkk i tyskarane, var 25/11 då ubåten ULA senka eit tysk skip tett inn for Eltreskjeret. Arnvid Bigset (Aggi) var med den gongen.

Les om dette i ”Norske ubåter i kamp” og i boka om ”ULA”.

Til nyår 1944 var dette teke på land over kaia i Brandal:

  • Piggtråd: 565 buntar
  • Sementrør: 8900 m
  • Murstein: 33.000
  • Dynamitt: 113 kasser
  • Kol: 370 tonn
  • Dobbelved:140 famner
  • Sement: 7000 sekker
  • Sand: 12600 hl

 

Kva som var bygt:

  • På festninga var der då bygt 7 store hus, og ei lita vakthytte på Buhammaren. Dertil kom alle bunkersane, kvar med bustad for 7 mann. Løpegraver og kanonstillingar o.l.
  • I russeleiren var fire små åttekanta hus av kryssfiner med jordgolv.
  • Dei 7 husa som høyrde til var desse:
  • Ei sjukestove som stod opp ved Klombraløa.
  • Ei spisebarakke som også vart nytta til samlingshus.
  • Fem bustadbarakker for soldatar, fire i Klombra, og ei i Kvitneset. Den blei aldri ferdig. Av dei 6 husa som stod i Klombra og Kvitneset, stod berre Oluf Kristensen sitt att. Det var brukt til kontor.
  • Telefon og kommandosentral var sprengd inn i fjellet tett ut for Kvitneset. Derifrå gjekk tunnel og delvis overbygde løpegraver heilt ut til ytste stillingane.

 

Kor mange tyskarar?

Ja, det er vanskeleg å vite. På det meste i 1941 var der kanskje 500, og på slutten 4 off. + 96 menige = 100 mann.

T.d. Kapteinen, ”Grise-Bern”, ”Due-Anton”, (han som hadde brevduene) ”Gran”, så ”Fandenskjold” og ”Norske Ersnt” (han kunne godt norsk) og ein del andre. (namna var det nordmennene som satte på dei.)

Skulen fekk bygda att til jul 1942. Han ligg nær veggen, og lærar Nevstad og borna song sterkt! Særleg ofte song dei så det lydde godt ut på kaia, den vakre tyske salmen ”Vår gud han er…”. For der song dei ikkje ”Vår gamle fiend gram”.. men fiend Gran..(Gran var tysk offiser og hadde med folket å gjere i Brandal). Tredje verset: ”Om verda full av..” Song dei gjerne, ”Om Brandal full av..” vert det sagt. Mangt vart gjort under krigen.

 

Korleis var tilhøvet mellom tyskarane og bygdefolket?

I første tida laut det verte svært spent, det seier seg sjølv. Når ein tenkjer alle som hadde sine ute på andre sida, av Nordsjøen og syrgjeboda tok tidlig til å kome. Uvissa var kanskje lika hard. Men rett skal vere rett. Stort sett oppførte soldatane seg korrekt. Det var sjeldan det var tilløp til krangel. Det kunne kome men då løyste kapteinen på Kvitneset oftast saka på ein rimeleg måte. Han ville ha fred. (Han var ikkje nazist, vart det sagt).

 

Mil.Org- gruppa

Eg har no fortalt om ”fredelige tilhøve i Brandal. Men det skal no få høyre om nokre karar som dagleg gjekk med livet i hendene.

Heilt frå 1940 hadde det vore trafikk mellom Sunnmøre og England. Første tida var det folk som rømde vestover for å delta i krigen. Seinare vart det meir agentar og spionar som for til og frå.

Store mengder våpen og sprengstoff vart og førde frå England til Noreg.

I 1944 skjønna alle at no song Hitlerriket på siste verset. Våpen og ammunisjon vart førde i store mengder også til Sunnmøre. Mange ruter var brukt ,men tre store skilte seg ut.

  • Den eine gjekk til Erkna, så via Godøya eller Vigra til Ålesund.
  • Dei andre gjekk frå Herøy til Ørsta-Volda.
  • Tredje gjekk over Herøy, Ulstein, Brandal, Ålesundsområdet.

 

Ser de på kartet, vil det finne kvifor nett dessa stadane var brukte. Vi skal sjå på Ulstein: I ytre Herøy fanst knapt ein NS. I Ulstein var ein, men han hadde ikkje kontakt med korkje tyskarar eller nordmenn.

I Herøy var svært mange unge gutar med i Shetlandsjengen. Dei kjende farvatnet, og kunne såleis gå inn t.d. Skorpesundet i all slags ver.

I Ulsteinvik budde den gongen ein ung man som heitte Olav Osnes.

Han hadde vore politimann, men var avsett. Broren som og var politimann, var skoten.

Ein bror var i Den norske marinen. Faren og resten av familien var aktive motstandsfolk. Olav Osnes var no sjåfør for distriktslege Sellevold som hadde både Ulstein og Hareid som sitt arbeidsområde. Olav Osnes kunne såleis farte i kring med bil.

Han kontakta to unge menn i Brandal, Peter Nevstad og Peter Karlsen. Karlsen var juniorsjef i firmaet Karlsen. (Meir om dette ein annan gong.) Gutane vart spurde om dei kunne få med ein liten flokk som ville ta mot, lagre og sende vidare våpen. Karlsen hadde lagerplass. Dei sa ja, fekk med seg Jon Lillebø, reparatøren på Karlsen-anlegget. Han hadde før vore ishavskyttar, Peter Runne Brandal, som var maskinist. Desse to trongst om gruppa laut røme til England med ”Årvak” som var den eineste skuta som ikkje var rekvirert. Dessutan fekk dei med ein ven, Hans Skarbakk, som arbeidde delvis på kontoret og delvis på sjøbua. Den siste var Arne Almestad. Han var litt eldre, men hadde vore bort i mykje og mangt, hadde vore utesiglar på ”dei sju hav” osb. Usedvanleg handlekraftig og uredd. Eg kan no ikkje fortelje alt om gruppa sitt arbeid. Bare at Olav Osnes kjørte våpen og amunisjonen til Brandal. Der vart det lagra på Storbuda, og Johannes Sulebust frå Sula kom med båten sin og førte våpena vidare. Ofte var det nervepirrande. Hugs, der gjekk mange tyskarar, men farlegast var ”skrellene” som kunne sladre. Vart karane tekne, då var dauden viss og ikkje bare for dei, men det var urealistisk å tru dei ville tole gestapopinslene, og då ville Ulstein og Herøygruppe og gå med. Heldigvis gjekk det bra.

Freden

Freden kom, heimefronten steig fram, og dei fleste tyskarane reiste. Bre ein liten vaktstyrke vart att. Men så ein dag ringde vakta livredd til Peter Nevstad at mil.org. gruppa i Brandal måtte kome og berge dei. Russane hadde nemleg gått inn i tyskarleiren, bada, kledd seg opp, og…og..funne  brennevinslageret. Og no var tyskarane livredde.

Jau, mil.org. kom ut. Russane song og dansa, kyste og omfamna. Dei var slett ikkje krigerske. ”Norafjell” med Ole Alvestad frå Hareid og Reidar Bigset vart rekvirert, og russane sende til ein stor samleleir ved (i) Ålesund.

Kvar det seinare vart av russane, veit ein lite. Ingen har gitt livsteikn frå seg, endå fleire kunne gjere seg forståelege på norsk. Dei hadde sagt at dei ville ”henge Hitler og skjere haudet av Stalin”, og så gifte seg og komme attende til Noreg som måtte vere verdens beste land å bu i (og det var under krigen).

Det vart sagt at dei blei sende til Sibir på 10 –års straffearbeid fordi dei overga seg i Polen (meir om dette).

 

Etter freden

Den amunisjonen som var att vart senka ute i Breisundet. Fleire frakteskuterforde førde last i fleire dagar. Kanonene og anna brukeleg materiell vart sende til Tueneset og lagra der.

Barakkane og utstyret elles vart selt på auksjon. Folk kjøpte vassklosett, elektro ledningar, skap stolar osb. Sluttsummen av auksjonen vart 7370 kr ( i -47, seier Landmark)

 

Dei som kom heim

Det var eit hard slag for den vesle grenda å misse så mange som 7 av ungdomane sine, og fleire av dei som kom heim, hadde fått ein helseknekk som dei aldri kom over. Mange hadde hatt fleire krigsforlis. Somme hadde tuberkulose, andre nervetrøbbel. Det var verst å få sove. Dei fleste er døde i dag.    (jan. -82) (Nei, om dette må eg fortelje ein annan gong)

 

Kjelder

Dette er først og fremst bygd på eit lydbandopptakk der handelsmann og kaiekspeditør Karl Landmark las opp frå kairekneskapen sin gjennom alle krigsåra. Han hadde skrive opp frå dag til dag, frå likkister til ølkasser som gjekk over kaia. Han skulle nemleg ha betaling - kaipengar. Ofte jaga dei han bort, men då stod han i vinduet og talde og skreiv.

Dette er den sikraste kjelda vi har om tyskarane i Brandal.

Dertil kjem munnleg stoff i massevis.

Om mil.org. har Hans Skarbakk, den eineste attelevande fortalt på eit båndopptak gjort i 1980.

 

Magnulv Bjørndal, 1982