Kristian blir sjef på servicetorget

Kristian Stråmyr tek til som leiar på servicetorg og politisk sekretariat frå årsskiftet.

portrett - Klikk for stort bileteKristian Stråmyr startar i jobben som leiar for servicetorg og politisk sekretariat i janaur. Robin Røkke

- Eg ser fram til å bli kjent med dyktige kollegaer og til å bidra til eit godt samarbeid på tvers av organisasjonen, seier han.

Som leiar på servicetorget får han ansvar for både dei daglege oppgåvene som ligg til eininga og viktige funksjonar som personvernkontakt og internkontrollansvarleg, for å nemne noko.

Kristian kjem frå stillinga som stabsleiar for service og støttetenester i Røst kommune i Nordland. Der hadde han mange av dei same oppgåvene som han no får i Hareid, i tillegg til HR, folkehelse og kultur. Tidlegare har han også arbeidd som politisk sekretær og informasjonsmedarbeidar i Aurland kommune.

- Å jobbe med både menneske og system er noko eg trivst svært godt med, og denne erfaringa gler eg meg til å bruke i Hareid, seier Kristian som er utdanna samfunnsvitar med ein master i samfunnsendring, organisasjon og leiing og ein bachelor i juss og administrasjon frå Høgskolen i Molde.

Oppveksten hadde Kristian på Gamlem i Haram kommune. Der var han aktiv i lokalpolitikken og fekk verdifull innsikt i rolla som folkevald og korleis politiske prosessar fungerer.

- Denne erfaringa har gitt meg ei god rolleforståing og stor respekt for samspelet mellom administrasjon og folkevalde organ.

No flyttar han altså til Hareid og ser fram til å bli ein del av lokalsamfunnet her.

- På fritida set eg pris på å vere aktiv, enten gjennom ein tur i naturen, å utforske lokale kulturtilbod eller å delta i sosiale aktivitetar.