Kunngjering om godkjend reguleringsplan - Detaljregulering for Fremste Teigane 2 (PlanID 20160005)

Med dette melder vi at Hareid kommunestyre i møte 26.10.2017, sak KST PS 70/17, slutthandsama og eigengodkjende reguleringsplan – Detaljregulering for Fremste Teigane 2, PlanID 20160005, med motsegn.

I brev 27.11.2018 godkjende Kommunal og Moderniseringsdepartementet kommunestyret i Hareid sitt vedtak med endringar i føresegnene. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd og gjev rettsverknad til planen for alle tiltak som er nemnde i kapittel 20 i plan- og bygningslova (2008).

Godkjend plan er vist på plankart datert 28.11.2016, sist revidert 16.01.2019 med tilhøyrande føresegner og planomtale.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast jamfør PBL § 1-9 og § 12-12. Klaga skal vere skriftleg og sendast til postmottak@hareid.kommune.no. Eller til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. Bruk saksreferanse 2015/693. Klagefristen er sett til 3 veker frå kunngjeringsdato. Frist for klage er 07.02.2019.

Krav om innløysing etter PBL § 15-2, eller krav om erstatning etter PBL § 15-3 må rettast til Hareid kommune innan tre – 3 – år frå denne kunngjeringa.

Vedtekne plandokument og politisk sak finn du lenger ned i denne saka.

Dersom du ynskjer utskrift ta kontakt med planleggar Silja Øvrelid, silja.ovrelid@hareid.kommune.no.

 

Kunngjering-Fremste Teigane 2
Tittel Publisert Type
Plankart_FremsteTeigane2_20160005_28

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Plankart_FremsteTeigane2_20160005_28.11.16_rev. 16.01.2019.pdf
Signerte_føresegner_FremsteTeigane2_20160005

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Signerte_føresegner_FremsteTeigane2_20160005.pdf
Hareid kommune - motsegn til reguleringsplan for Frems(889258)

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Hareid kommune - motsegn til reguleringsplan for Frems(889258).pdf
A1_Vurdering_innspel

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned A1_Vurdering_innspel.pdf
A2_Innspel_oppstart

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned A2_Innspel_oppstart.pdf
Normalprofil veg

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Normalprofil veg.pdf
Sjekkliste_ROS

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Sjekkliste_ROS.pdf
Sjekkliste_naturmangfald

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Sjekkliste_naturmangfald.pdf
Lengdeprofil veg

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Lengdeprofil veg.pdf
Planomtale

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planomtale.pdf
Vedtak_Slutthandsaming

17.01.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedtak_Slutthandsaming.pdf